vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Betalingssatsar i Barnehagen

Betalingssatsar barnehage med moderasjonsordningar

Kommunestyre vedtok i sak 91/16 den 22.11. 2016 fylgjande satsar for 2017:

 

1. Betalingssats og syskenmoderasjon

Antal dagar Ordinær sats

Barn nr. 2

30% moderasjon

Barn nr. 3 eller fleire

50% moderasjon

5- dagars plass

kr. 2 730,- kr. 1 911,- kr. 1 365,-
4- dagars plass kr. 2 450,- kr. 1 715,- kr. 1 225,-
3- dagars plass kr. 1 950,- kr. 1 365,- kr. 975,-
2- dagars plass kr. 1 500,- kr. 1050,-

kr. 750,-

Kjøp av ein dag kr. 300,- pr dag, ved ledig kapasitet for barn med fast deltidsplass.

Det er like satsar for kommunal og privat barnehage. 

 

2. Reduksjon av betalingssats

Redusert betalingssats kan bli gitt grunna økonomiske forhold. Ordninga er lik for kommunal og privat barnehage.

a) Ingen familiar skal betale meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. Ei samla hushaldning som kan dokumentere ei samla skattepliktig kapital- og personinntekt på mindre enn kr. 473.000, jf. siste sjølvmelding eller anna dokumentasjon på inntekt kan søkja om redusert betalingssats. Ny frå 01.05.15.

b) Gratis kjernetid for 4- og 5- åringar. Alle 4 - og 5- åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med lav inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage. Grensa for inntekt er sett til kr. 405.000. Ordninga gjeld frå start av nytt barnehageår det året barnet fyller 4 år. Berekning av inntektsgrunnlag blir på same måte som reduserte betalingssats. Ny frå 01.08.15

Det er klageadgang i h.h.t. gjeldande lovverk.

Frå bernehageåret 2016 er søknadsfristen sett til 15. mai. Ein kan søkje gjennom heile året. Vedtaket blir som hovudregel fatta for eit år.

Søknadsskjema finn du her. Skjemaet gjeld for begge ordningane.

Her finn du lenke til meir informasjon om nasjonale ordningar for reduksjon av foreldrebetaling.

 

3. Gebyr ved for sein henting i barnehagen

Kr. 275,- pr. påbegynt halvtime; etter skriftleg åtvaring.

 

4. Friplass

Friplass utanom moderasjonsordning søkjer ein på eige skjema ved henvending til Gol kommune v/ Nav Gol og Hemsedal, Gamlevegen 4, 3550 GOL, tlf. 55 55 33 33.

 

5. Betalingssatsar for foreldrekasse og måltid

Kost i barnehage skal vere sjølvfinansiert og kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling. Frå 1.1.16 omfattar ordninga både frukt/grønnsker, mjølk/anna drikke, måltid ( 1-5 pr. veke, sjå under) og foreldrekasse. Det er  inga moderasjonsordning på foreldrekasse/ kost.

Fylgjande satsar er vedteke i Samarbeidsutvalet for Gol barnehage 09.12.15:

Satsar Rotneim og Øygardane;
foreldrekasse og måltid
5 dager pr. veke:
Satsar Breidokk avd. Hallingmo,
Vesterhuset, 
Åsgardane; foreldrekasse og måltid
2 dagar pr. veke:
Satsar Breidokk;      
Foreldrekasse og måltid
1.dag pr. veke:
Antal dagar Pris  pr. mnd        
5 dagars plass Kr. 300,-

5 dagars plass

Kr. 190,- 5 dagars plass Kr. 150,-
4 dagars plass Kr. 240,- 4 dagars plass Kr. 150,- 4 dagars plass Kr. 120,-
3 dagars plass Kr. 180,- 3 dagars plass Kr. 120,- 3 dagars plass Kr. 90,-
2 dagars plass Kr. 120 2 dagars plass Kr. 80,- 2 dagars plass Kr. 60,-

Gjeld alle, også om barnet ikkje har barnehageplass på dag med måltid.