vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gol barnehage

Gol barnehage, administrasjon

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Wenche Elisabeth Olsen

Tittel: Avdelingsleiar/ styrar

Telefon: 32 02 91 12 / 915 94 143

Kontaktperson: Gunn Marit Aarset

Tittel: Assisterande styrar

Telefon: 32 02 91 10

Informasjon om barnehagetilbodet i Gol

Gol barnehage er barnehageadministrasjon i Gol kommune og har ansvar for fem kommunale barnehagar, og oppfølging av ein privat familiebarnehage.

Velkommen til Gol barnehage

Felles årsplan for Gol barnehage

Kommunale barnehagar

Breidokk barnehage med avdeling Hallingmo

Rotneim barnehage

Vesterhuset barnehage

Øygardane barnehage

Åsgardane barnehage

Privat familiebarnehage 

Klaras familiebarnehage

Søkje/endre barnehageplass 2017-2018

Søknad om ny barnehageplass og endring av plass for både kommunal og privat barnehage for barnehageåret 2017/18 gjerast via linken under. Nytt barnehageår har oppstart onsdag 16. august.

Søknad om plass skal sendast til Gol kommune. Her finn du skjema.

Nyttige opplysningar før utfylling av skjema:

Breidokk barnehage har to bygningar; hovedbygget i Tunvegen og avdeling Hallingmo i Gymnasvegen 700m frå hovedbygget. Er det ynskje om å prioritera det eine bygget framfor det andre, må det bli dokumentert ved at kommunen mottek epost til: postmottak@gol.kommune.no som skal merkast «Dokumentasjon barnehageopptak 2017/18» og namnet til barnet det gjeld.

Inga endring av barnehagestrukturen til hovudopptaket 2017:

Kommunestyret har vedteke at barnehagane Rotneim, Øygardane og Åsgardane skal bli lagt ned, for å bli erstatta med ein 5-avdelingsbarnehage ved å byggje om Herad skule. Det er for kort tid til at dette kan bli gjennomført til barnehageåret 2017/18. Barnehageopptaket våren 2017 vil difor gå som vanleg med fordeling på alle barnehagehus som no.

Søknadsfrist, endring av rett til plass og behandling av søknader:

Det er søknadsfrist 1. mars. Behandlinga skjer i mars/april. Barn som det blir søkt om plass for til hovudopptaket og fyller eit år innan utgangen av november har rett til barnehageplass seinast frå den månaden dei fyller 1 år. Utvida rett krev vedtak om endring av barnehagelova i Stortinget våren 2017.

Barn det blir søkt om plass for utanom hovudopptaket kan berre forvente plass ved ledig kapasitet. Dei blir sett på venteliste og får tilbod om plass etterkvart som det blir ledige plassar.

Dersom barnet eller forelder ikkje har norsk personnummer, må de nytte søknadskjema i papir. Her finn du søknadsskjema utan norsk personnummer.

Alle som har barnehageplass inneverande år og skal halde fram med same plass og same barnehage frå 15. august skal ikkje sende inn ny elektronisk søknad.

Barnehagane har fleksibelt dagvalg, med ulike tilbod 2-5 dager pr.veke.

Du kan legge inn så mange søknadar du vil, men det er alltid den siste registrerte som blir teke med i opptaket.

Ikkje alle får oppfylt sin 1. prioritet ved tildeling av plass. Det er difor nødvendig å sette opp fleire barnehagar i prioritert rekkefylgje. Opptaket vert gjennomført etter vedtekne opptakskriterium. Dersom det ikkje er ledige plassar i dei prioriterte barnehagane på søknaden, vil det bli tildelt plass i ein av dei barnehagane som har ledig kapasitet. Dei som ikkje får oppfylt 1. el. 2. prioritet i hovudopptaket har rett til å sende inn klage på opptaket. Klagehandsaminga følgjer reglane i forvaltningslova.

Oppstart i barnehage

Gol barnehage sender melding om vedtak til foreldra. Dagleg leiar/pedagogisk leiar ved den aktuelle avdelinga sender melding om oppstartsdato og gir ut informasjon om barnehagen.

Det er utarbeidd eigen "foreldreperm" med informasjon og skjema som kvar familie får i samband med oppstart. Skjema skal fyllas ut og leveras til barnehageavdelinga ved oppstart.

Ved hovudopptaket vert tilvenninga lagt slik opp:

  • Felles foreldremøte med informasjon til nye foreldre på førsommaren.
  • Invitasjon til besøksdag for nye barn og foreldre i juni.
  • Brev om oppstartsdato, tilvenjingsdagar og kven av personalet som vert kontaktperson.
  • Oppstartinga etter hovudopptaket skjer over fleire dagar i august for at personalet skal kunne ta seg av den enkelte. Dette vil seie at oppstartsperioden blir strekt utover 2 veker etter avtale.
  • Foreldre eller ein annan trygg person for barnet er saman med barnet den første tida i barnehagen.
  • Pedagogisk leiar har ved oppstarting ein samtale med kvar familie for å bli kjent.

Betalingssatsar og moderasjonsordningar

Syskenmoderasjon
Reduksjon pga låg inntekt
Gratis kjernetid til 3 - 4-og 5 åringar 
Friplass - søknad til NAV sosial

Betalingssatsar og moderasjonsordningar

Kommunestyre vedtok 13.12.16 fylgjande satsar gjeldane frå 01.01.2017:

1. Betalingssatsar og syskenmoderasjon:

Antal dagar Ordinær sats

Barn nr. 2

30% moderasjon

Barn nr. 3 eller fleire

50% moderasjon

5- dagars plass

kr. 2 730,- kr. 1 911,- kr. 1 365,-
4- dagars plass kr. 2 450,- kr. 1 715,- kr. 1 225,-
3- dagars plass kr. 1 950,- kr. 1 365,- kr. 975,-
2- dagars plass kr. 1 500,- kr. 1 050,-

kr. 750,-

Kjøp av ein dag kr. 300,- pr dag, ved ledig kapasitet for barn med fast deltidsplass.

Det er like satsar for kommunal og privat barnehage.

2. Reduksjon av betalingssats: 

Redusert betalingssats kan bli gitt grunna økonomiske forhold. Ordninga er lik for kommunal og privat barnehage.

a) Ingen familiar skal betale meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. Ei samla hushaldning som kan dokumentere ei samla skattepliktig kapital- og personinntekt på mindre enn kr. 486.750, jf. siste sjølvmelding eller anna dokumentasjon på inntekt kan søkja om redusert betalingssats.

b) Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5- åringar. Alle 3-, 4 - og 5- åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage. Administrasjonen tilpassar tilbodet til 2 eller 3 dagars plass dersom ein berre vil nytte 20 timar gratis. Grensa for inntekt er sett til kr. 417.000. Ordninga gjeld frå start av nytt barnehageår det året barnet fyller 3 år. Berekning av inntektsgrunnlag blir på same måte som redusert betalingssats. Endringane gjeldt frå 01.08.16.

Det er klageadgang i h.h.t. gjeldande lovverk.

Søknadsfrist er sett til 1. juni for komande barnehageår. Ein kan likevel søkje gjennom heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeldt for eit barnhageår om gongen. Ny søknad må sendast for kvart barnehageår med ny dokumentasjon for inntekt.Når foreldre/føresette søkjer etter søknadsfristen vil reduksjon gjelde frå fyrste heile månad etter vedtaket er  gjort.

Søknadsskjema finn du her. Skjemaet gjeld for begge ordningane.

Her finn du lenke til meir informasjon om nasjonale ordningar for reduksjon av foreldrebetaling.

3. Gebyr ved for sein henting i barnehagen:

Kr. 275,- pr. påbegynt halvtime; etter skriftleg åtvaring.

4. Friplass:

Friplass utanom moderasjonsordning søkjer ein på eige skjema ved henvending til Gol kommune v/ Nav Gol og Hemsedal, Gamlevegen 4, 3550 GOL, tlf. 55 55 33 33. 

5. Betalingssatsar for foreldrekasse og måltid:

Kost og drikke i barnehage skal vere sjølvfinansiert og kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling. Ordninga omfattar både frukt/ grønnsaker, mjølk/anna drikke, måltid (1-5 pr. veke, sjå under) og foreldrekasse. Det er  inga moderasjonsordning på foreldrekasse/ kost.

Fylgjande satsar er vedteke i Samarbeidsutvalet for Gol barnehage 09.12.15, og er fortsatt gjeldande:

Satsar Rotneim og Øygardane;
foreldrekasse og måltid
5 dager pr. veke:
Satsar Vesterhuset og
Åsgardane; foreldrekasse og måltid
2 dagar pr. veke:
Satsar Breidokk inkl. Hallingmo    
Foreldrekasse og måltid
1.dag pr. veke:
Antal dagar Pris  pr. mnd        
5 dagars plass Kr. 300,-

5 dagars plass

Kr. 190,- 5 dagars plass Kr. 150,-
4 dagars plass Kr. 240,- 4 dagars plass Kr. 150,- 4 dagars plass Kr. 120,-
3 dagars plass Kr. 180,- 3 dagars plass Kr. 120,- 3 dagars plass Kr. 90,-
2 dagars plass Kr. 120 2 dagars plass Kr. 80,- 2 dagars plass Kr. 60,-

Pris for 2 dagarsplassen gjeld alle, også om barnet ikkje har barnehageplass på dag med måltid.

Oppseiing av heile barnehageplassen

Når barnet har barnehageplass er oppseiingsfristen: 1 månad.

Ved hovudopptak før barnet har starta i barnehagen er oppseiinsfristen: 3 månedar

Her finn du oppseiingsskjema.

Planleggingsdagar 2017

Barnehagane har stengt 5 planleggingsdagar i året som blir fastsett i samarbeidsutvalet for Gol barnehage.

I2017 er dette:

Tysdag 18. april

Måndag 14. og tysdag 15 august

Fredag 17. og måndag 20 november

Barnehagelova med forskrift, vedtekter og tilsynsplan

Barnehagelova

Rammeplan for barnehagen

Vedtekter for Gol barnehage frå 2015.

Tilsynsplan for Gol kommune

Spesialpedagogisk hjelp i førskulealder

Barn med funksjonshemming eller andre vanskar sine rettar i forhold til barnehageplass.

Lov om barnehage

Lov om barnehage § 13.1 seier at barn med nedsett funksjonsevne skal ha prioritet ved opptak. Det skal foreligge ei sakkyndig vurdering om at barnet har nedsatt funksjonsevne.

Barnehagelova § 19 a seier at barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knyttast til barnehagar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande eller organiserast som eige tiltak.

Innhaldet i barnehagane

Med ein styrka identitet vil barna i Gol kunne møte menneske frå ulike kulturar og nasjonar med eit positivt menneskesyn. Ei av barnehagane si hovudoppgåve er å vera med å gje barna ein basiskompetanse innan kommunikasjon og sosial handlingsdugleik. Gjennom leik og kvardagsaktivitetar i barnehagekvardagen får barna myskje god læring, trening i å omgåast andre, løyse konfliktar, utvikle vennskap og å finne sin plass i ei gruppe.

Førskulealderen er den viktigaste perioden for utvikling av talespråket. Å stimulere til at barna brukar og utviklar språket, er ein av dei prioriterte oppgåvene til dei tilsette.Barnehagane skal også syte for at barna får erfaringar innanfor fagområda:

  • Kommunikasjon, språk og tekst.
  • Kropp, bevegelse og helse
  • Kunst, kultur og kreativitet
  • Natur, miljø og teknikk
  • Etikk, religion og filosofi
  • Nærmiljø og samfunn
  • Tal, rom og form

Kvart år utarbeider avdelingane ein årsplan for arbeidet sitt. I løpet av året skal ein ha vore innom alle fagområda, lagt opp etter barna sin alder og interesser. I tillegg er det utarbeida ein felles årsplan for heile Gol barnehage som omhandlar det som er likt for alle.

Alle avdelingane i dei kommunale barnehagane med 5-åringar har 5-årsgrupper for å førebu til skulestart. Dei har også samarbeid med skulen våren før skulestart.

Samarbeid med heimen. Det er foreldra som kjenner barnet best. Barnehagen skal støtte heimen i arbeidet med å gje barna ein god utvikling. Det finst ulike måtar å samarbeide på:

  • Dagleg kontakt ved henting og bringing.
  • Foreldresamtaler om det enkelte barn.
  • Foreldremøte for heile foreldregruppa. 
  • Foreldreråd -felles organ for alle foreldre (lovfesta)
  • Foreldra sin medverknad i samarbeidsutval for barnehagen (lovfesta), ein representant frå kvart barnehagehus. 
  • Uformelle samankomster som foreldrekaffi, dugnader, festar til jul og sumars.

Pedagogisk arbeid - utviklingsarbeid med planar og rapportar

Felles løft for tidleg innsats - Hallingdal

Prosjektet "Fells løft - for tidleg innsats" var eit kompetansehevingsprosjekt knytta til språkutvikling og sosial læring med oppstart i barnehagane i 2011. Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Statped Sør Øst og Hallingdalsregionen.

Målgruppa:

Tilsette i barnehage, skule, PPT, helsestasjon, barnevern og barnehage-og skulekontora i kommuneadministrasjonen.

Hovudmålet med prosjektet er:

  1. Praksisendring når det gjeld å stimulere språkutviklinga til barna i barnehagen
  2. Tilsette i barnehage, skule og helsestasjonane i regionen skal ha kompetanse og rutinar for å fange opp barn med svak språkutvikling/sosial utvikling, og sette inn tiltak tidleg
  3. Etablere gode rutinar for samarbeid mellom barnehage, skule, PPT, barnevern og helsestasjon

Arbeid med språk, kommunikasjon og atferd har vore sentrale satsingsområde både i barnehage og skule i Hallingdal dei siste seks åra. Prosjektet "Felles løft - for tidleg innsats" samhandlar godt med og har vore med på å vidareutvikle tiltak som alt var i gang. Slik satsing er også i samsvar med prioriteringar og pålegg frå nasjonale styresmakter.

Framdriftsplan:

Prosjektet er delt i steg 1 barnehage, steg 2 overgang barnehage-skule, og steg 3 skule. 
Steg 1: gjeld barnehagane med samarbeidspartnarar frå 2011 til desember 2012. Steg 1 blir vidareført med fokus på "frå prosjekt til drift" i kompetansehevinga KUPP (kompetanseutvikling av pedagogiske prosessar) i barnehagane i Hallingdal (sjå eige punkt). 

Steg 2: overgang barnehage-skule, oppstart hust 2012 med både barnehagar, skular med småskuletrinn og samarbeidspartar, varar fram til desember 2014. Prosjektet blei avslutta med godkjenning av ny kommunal plan for overgang barnehage-skule. 

Steg 3: Gjeld skulane frå 1.- 4. klasse førebuing og oppstart i 2014, og avslutning i 2017.
Overordna prosjektplan

Felles løft steg 1 barnehage - prosjektplan og rapport

Prosjektplan steg 1

Rapport steg 1

Felles løft steg 2-overgang barnehage-skule - prosjektplan og rapport

Prosjektplan steg 2

Rapport steg 2

Plan for overgang barnehage - skule i Gol kommune

Utval for kultur og levekår (UKL) godkjente 21.01. 2015 i sak 1/15 ny plan for overgang skule - barnehage i Gol kommune.

Gol kommunes plan for overgang mellom barnehage og skule bygger på eit omfattande forarbeid og på fleire års erfaringar. Planen er i tråd med sentrale føringar i St.m. nr. 41 «Kvalitet i barnehagen» (2008-09), St.m. nr. 24 «Framtidens barnehage» (2012-2013) og St.m. nr. 16 «…. og ingen stod igjen» som er utgangspunkt for «Veileder Fra eldst til yngst Samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole» frå Kunnskapsdepartementet. Overgangsplanen er forpliktande for alle avdelingar som er omtalt i planen.

Det er viktig at planen blir eit «levande» dokument for tilsette i barnehage, skule og helsestasjon, og difor må planen bli vidareutviklast gjennom bruk av dei ulike partar.

Plan overgang skule/barnehage

Plan for norsk språkutvikling 0-6 år

Eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon og bibliotek.

Barnehage - og skuleeigar har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagane og skulane arbeider systematisk og planmessig med språkstimulering og leseopplæring. Gol kommune har utarbeida ein felles Språkopplæringsplan frå 0-16 år. Helsestasjon, barnehage, skule og bibliotek er alle viktige aktørar når det gjelder språkstimulering og leseopplæring. Saman med heimen har dei ansvar for at barn får moglegheit til å utvikle eit godt talespråk og gode leseferdigheiter. Rammeplan for barnehagen og læreplanen Kunnskapsløftet gir klare føringar og mål for arbeidet med språk, kommunikasjon og ulike typar tekst. Tidlig og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagens innhald. Skulen skal byggje vidare på det arbeidet som barnehagane har starta opp. Leseopplæringa i skulen skal skje i alle fag og på alle trinn. For å sikre at det blir ein samanheng i språk-og leseopplæringa, valde kommunen å lage ein plan som gjelder for heile læringsløpet frå 0-16 år. Planen skal væra eit grunnlag for det daglege arbeidet med språkstimulering og lesing i barnehage og klasserom. Den skal trekkje linjer frå dei overordna måla til det praktiske arbeidet. Planen er delt i ein barnehagedel, 0-6 år og ein skuledel, 1.-10.trinn. Planen er strukturert i hovudområda:

  • lytte og forstå
  • uttrykke seg munnleg
  • lese og skrive

Det er satt opp mål for kva ein forventar at barnet skal meistre på dei forskjellige trinna, men det er viktig å hugse at barn utviklar seg i ulikt tempo. Det er ramsa opp aktivitetar som ein bør ha fokus på for å nå måla. Kartlegging og observasjon er ein del av arbeidet i barnehage og skule. Planen har med kartleggingstestar og forslag til anna kartleggingsmateriell. Nært samarbeide med foreldre er viktig for at de skal kunne bidra til god utvikling for eigne barn. Det er laga eigne oversikter over samarbeid med biblioteket og helsestasjonen. PPT er ein viktig samarbeidspart i dei tilfella der ein bekymrar seg over utviklinga av språk eller lesing hjå eit barn. I planen finns det også forslag til hjelpemidlar som ulik litteratur eller materiell som kan væra til hjelp og støtte for pedagogar, andre tilsette og foreldre. Det er viktig å ha fokus på gode overgangar mellom barnehage og skule, og mellom klassetrinn. Spørsmål rundt planen kan rettast til barnehage og skule.

Les plan her

KUPP - kompetanseutvikling av pedagogiske prosessar

KUPP er ein årleg kompetansesatsing for barnehagetilsette  i Hallingdal  som vidareførar arbeidet etter utviklingsprosjektet  Felles løft for tidleg innstas. Tema  i 2014-2015 var Psykososialt miljø i barnehagen som førte til ny plan mot utestenging og mobbing i barnehagane. I 2015-2016 er temaet Psykososialt miljø vidareført med temaet Psykisk helse Temaet psykisk helse er vidareført i 2016-2017 med tema som handlar om korleis personalet og foreldre kan styrke  det einskilde barnet si psykiske helse ved å lære om «Trygghetssirkelen» (COS). Dette handlar m.a. om kor viktig det er at vaksne gjer barn mykje omsorg og samtidig er tydelege i sin grensesetting overfor barna.

Plan mot utestenging og mobbing - "saman i barnehagen"

Plan mot utestenging og mobbing - "saman i barnehagen"

Likestilling i barnehagen

Hallingdal har eigen MiB - gruppe (Menn i barnehage) der alle menn som jobbar i barnehage får tilbod om å væra med på 2-3 møter i året.

Plan for likestilling for barnehagane i Gol

Barnehagefakta

Kommunesidene på barnehagefakta er ein enkel måte å gje innbyggjarane oversikt over barnehagetilbodet i din kommune på, både med eit godt kart og med nøkkelinformasjon om kvar enkelt barnehage.

barnehagefakta.no