vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2017

Val

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 GOL

Telefon: 32 02 90 00

Kontaktperson: Mona Hagen

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 916 73 907

Valresultat 2017

Her finn du valresultatet valgresultat.no

Storingsval og sametingsval

Hausten 2017 er det val i Storting og Sameting.

Valgdagen er måndag 11.september 2017.

Gol har ein røystekrins og vallokalet vil vere samfunnshuset for alle veljarar.

Åpningstid er 09.00-21.00.

Om du ikkje har høve til å røyste på valgtinget kan du røyste på førehand.

Buskerud fylke sine valglister til stortingsvalet

Buskerud har ni mandatar til stortinget.

Ved Stortingsval er det fylkesvalstyret sitt ansvar å godkjenne parti og grupper sine framlegg til vallister.

Følgjande parti/grupper har levert framlegg til liste i Buskerud:

lenke til BFK sine valsider

Listene med kandidatnavn kan du sjå her:
- lenke til Buskerud Fylkeskommune- godkjente listeframlegg- kjem når dei er godkjent

Valstyre

Alle kommunar har eit valstyre vald av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Gol kommune sitt valstyre for perioden 2015-2019.

Møteinnkallingar og -protokollar for valgstyret finn du under sakspapir og møtekalender

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Gol
Gamlevegen 4
3550 Gol

E-post: postmottak@gol.kommune.no
Tlf. 32 02 90 00

Sekretær for valstyret og administrativ ansvarleg for valgjennomføring er Mona Hagen.

Røysterett og manntall

Røysterett ved stortingsval har:
Norske statsborgarar som

  • har fylt 18 år innan utgongen av valåret og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg og
  • ikkje har missa røysteretten etter Grunnlova sin § 53

For å kunne røyste må du vere innført i manntalet i ein kommune. 

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune. Alle med røysterett blir automatisk ført i manntalet i den kommunen du er registrerte busette i per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet, og har røysterett, i den kommunen du flytte frå.

Valmanntalet for Gol kommune ligg ute til offentleg ettersyn frå midten av juli og til og med valdagen på følgjande stader:

- Gol bibliotek
- Tenestetorget på kommunehuset

Om du er manntallsført i ein annan kommune kan du likevel røyste på førehand i Gol, men du kan ikkje røyste i Gol på sjølve valdagen.

Oppdateringar/rettingar etter dette kan berre skje i særskilde høve. Om du meiner det er feil i manntalet må du ta kontakt med valstyret i kommunen snarast. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve. Søknadsskjema.

For velgjarar busett i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gong dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsrøysting utanriks. Viss du førehandsrøyster i Noreg må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke skjema under.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett innan 11.september kl. 21.00. Søknadsskjema.

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har røysterett og står i manntalet.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du røyster på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje røyster i den kommuna der du står i manntalet blir stemmen din sendt til heimkommunen din.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å røyste. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å røyste.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10. august. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan og bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje kan røyste under den ordinære førhandsrøystingsperioda som er frå 10. august- 8. september, er det mogelig å avgi tidlegrøyst ved tenestetorget i perioden 1. juli- 9. august.

Ved tidlegrøysting kan ein ikkje røyste på person men må nytte ein generel røystesetel med partinamn.

Førehandsrøysting

Om du ikkje har høve til å røyste på sjølve valdagen er det mogleg å røyste på førehand.

Viss du har røysta på førehand kan du ikkje røyste på valdagen. Du kan heller ikkje røyste på førehand fleire gonger.

Du kan røyste på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet. Viss du røyster i ein annan kommune enn den du er registrert som busett i, vil ikkje vedkomande kommune ha stemmesetlane til din kommune. Du får då utdelt ein røystesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil røyste på.

Tidlegrøysting 1.juli- 9.august

Du kan røyste frå 1.juli dersom du ikkje har høve til å røyste innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1.juli til og med 9.august kan du i Gol kontakte tenestetorget i kommunen og avtale tid for å tidlegrøyste. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsrøysting 10. august- 8.september

Den 10. august startar den ordinære førehandsrøysinga. Du kan røyste på førehand fram til og med fredag 8. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsrøyster. I Gol kan du røyste på førehand i Tenestetorget i kommunehuset i ordinær opningstid : måndag til fredag kl. 09 – 15

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer på førehand i eigen kommune i perioden 10.august - 8.september.

Viss du røyster på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan vallokala stengjer på valdagen!

Her kan du lese meir om framgangsmåten når du røyster på førehand i ein annan kommune enn der du bur.

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan komme til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. 

Viss du får samtykke i å stemme heime, kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast tysdag 5.september.

Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Gol
Gamlevegen 295
3550 Gol

Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan og ringe tenestetorget på 32 02 90 00 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime.

Stemme i utlandet

Veljarar som oppheld seg utlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå fredag 1. juli til og med fredag 1. september 2015. På Svalbard har Sysselmannen satt siste frist for å stemme på førehand til 8.september. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan valdagen måndag 11. september kl. 21. Hugs derfor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her kan du lese meir om korleis du stemmer i utlandet.

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).

Stemme i vallokale i eige kommune

Endre på stemmesetelen

Sametingsvalet

Sametingsvalet vert halde samtidig med stortingsvalet. I 2017 er valdagen måndag 11. september.

For å kunne stemme ved sametingsval må du vere registrert i Sametingets valmanntal og ha fylt 18 år innan utgangen av valåret.

Du kan skrive deg inn i valmanntalet kva tid som helst, men for at du skal ha stemmerett ved sametingsvalet i 2017, må innmeldinga di ha kome til Sametinget innan 30. juni 2017. Når du registrerer deg må du gje erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same og at du anten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at du er barn av ein person som står eller har stått i valmanntalet.

Om du bur i ein kommune som har færre enn 30 personar registrert i Sametingets valmanntal, kan du berre stemme på førehand. Det er åpna for tidlegstemming etter avtale med kommunane frå 1. juli. Den ordinære førhåndsstemminga innanriks startar 10. august og varar til 8.september. For Svalbard og Jan Mayen og utanriks gjeld andre datoar. Du kan stemme på førehand i alle kommunar i heile landet. Det går fram av valkortet kvar stemmegjevinga skal sendast.

På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du er folkeregistrert ogberre i dei kommunane som hadde over 30 registrerte i valmanntalet i 2013.

Registreringsskjema og meir informasjon om sametingsvalet finn du på Sametinget sine valsider:

www.sametinget.no/valg

Valresultat 2017