vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2015

Valresultat 2015

Nå er vallresultata ferdig og du kan sjå valresultat og mandatfordeling på kommuneval på www.valgresultat.no.

Det nye kommunestyret kan du sjå ein oversikt over her.

Kandidatoppgjøret finn du her.

Sjå valresultat og mandatfordeling her.

Underskrive protokoll finn du her.

Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøyste på tenestetorget på kommunehuset frå måndag 10. august til og med fredag 11. september.

Åpningstider:

Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00

Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ynsjer. Viss du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at stemmen din kan nå fram til rett kommune innan valdagen 14. september. 

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer i eigen kommune.

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer i annan kommune.

Her kan du sjå framgangsmåten for å endre på stemmesetelen

Husk å ta med valkort og legitimasjon.

Er du sjuk eller ufør og ikkje kan møte opp i vallokalet?

Viss du ikkje kan komme til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. 

Viss du får samtykke i å stemme heime, kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der. 
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast tysdag 8. september. 

Om du sender søknaden i posten er adressa :

Valstyret i Gol kommune

Gamlevegen 4

3550 GOL

Stemme i utlandet

Veljarar som oppheld seg utlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå fredag 1. juli til og med fredag 4. september 2015. På Svalbard har Sysselmannen satt siste frist for å stemme på førehand til 9.september. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan valdagen måndag 14. september kl. 21. Hugs derfor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her kan du lese meir om korleis du stemmer i utlandet.

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje kan røyste under den ordinære førhandsrøystingsperioda som er frå 10. august- 11. september, er det mogelig å avgi tidlegrøyst ved tenestetorget i perioden 1. juli- 7. august.

Ved tidlegrøysting kan ein ikkje røyste på person men må nytte ein generel røystesetel med partinamn.

Annonse frå Departementet.

Godkjende vallister

Gol valstyre har i møte 7. mai 2015 godkjent desse listene som offisielle vallister ved kommunestyrevalet for Gol kommune i 2015:

Arbeiderpartiet
Fremskrittspartiet
Høyre
Kristeleg Folkeparti
Miljøpartiet De Grønne
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Venstre

Godkjende vallister

Listene er lagt ut til gjennomsyn på Gol kommunehus, tenestetorget og på Gol bibliotek.
Eventuell klage med krav om endring av godkjenningsvedtaket i valstyret må fremjast skriftleg for Gol valstyre, Gamlevegen 4, 3550 Gol innan 7 dagar etter denne kunngjeringa, jf. vallova §6-8.

Behandling av listeframlegg

Innleverte listeframlegg frå partia og vidare behandling av desse.

Fristen for innlevering av listeframlegg var 31.03.2015 kl. 12.

Det har kome inn 8 listeframlegg til kommunestyrevalet 2015 i Gol kommune. Dette er eit meir enn ved kommunestyrevalet i 2011.

Fylgjande partiar har levert listeframlegg:

  • Fremskrittspartiet
  • Kristeleg Folkeparti
  • Senterpartiet
  • Arbeiderpartiet
  • Sosialistisk Venstreparti
  • Venstre
  • Høyre
  • Miljøpartiet De Grønne

Listframlegg frå dei politiske partia

Listeframlegg blir lagt fram til ettersyn fortløpande etter kvart som dei kjem inn, jf. vallova § 6-6 (1)

Fremskrittspartiet

Kristeleg Folkeparti

Senterpartiet

Arbeiderpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Venstre

Høyre

Miljøpartiet De Grønne

Vidare behandling og prosess:

Partia har frist for tilbakekalling av listeframlegg fram til 20. april 2015. Listeframlegga er lagt ut til ettersyn på Gol kommunes si heimeside.

Alle kandidatane har fått brev om at de er ført opp på listeframlegg.

Valstyret avgjer om listeframlegga kan godkjennast. Valstyret må gjere dette innan 1. juni. I Gol skal valstyret godkjenne listeframlegga i møtet 7. mai 2015.

Røysterett og manntal

Registrert bustad 30. juni avgjer kvar du kan røyste. Er du på flyttefot og vil røyste i din nye kommune, må du melde flytting innan 30. juni.

Røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet:

  • Norske statsborgarar 
    som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gong har vore, folkeregsterførte som busette i Noreg.
  • Statsborgarar i andre nordiske land 
    som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Øvrige utenlandske statsborgarar 
    som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore folkeregistrerførte som busett i Noreg samanhengande dei siste åra før valdagen.

Du kan ikkje ha mist stemmeretten etter Grunnlova sin § 53.

For å kunne røyste må du vere innført i manntalet i ein kommune.

Står du oppført i manntalet?

Manntalet er eit oversyn over alle som har røysterett i ein kommune.

For velgjarar busett i Noreg gjeld:

Det er den adressa du er registrert busett på den 30. juni i valåret som avgjer i kva kommune du blir ført i manntalet. Om du ynskjer å stemme ved kommunestyrevalet i Gol må du vere registrert som busett i kommunen/ melde flytting til kommunen innan 30. juni.

For velgjarar buset i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregisterført som busett i Noreg ein eller annan gong dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommuen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsrøysting utanriks. Viss du førehandsrøyster i Noreg eller ikkje brukar den nemde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn nederst på denne sida.

Søknad mp innhalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden mp vere komen fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 14. september kl. 21.00.

Søknad om innføring i manntalet.

Valdagen

Vallokalet vil ha desse opningstidane:

Sundag 13.september   kl. 12.00- 18.00
Måndag 14. september kl. 09.00- 20.00 

Informasjon til partia

Innleveringsfrist for listeframlegg er 31. mars 2015 kl. 12.00.

Listeframlegg - fristar og utforming

Skjema for listeframlegg

Skjema- Vedlegg til listeframlegg

Innlevering av listeframlegg

Val

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 GOL

Telefon: 32 02 90 00

Kontaktperson: Mona Hagen

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 916 73 907