vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ordføraren si side

Heidi Granli vart vald til ordførar i Gol for perioda 2015- 2019.

E-post: heidi.granli@gol.kommune.no og telefon: 916 73 900

E-post til ordføraren blir handsama i samsvar med offentleglova. Innhaldet i meldingen kan difor bli offentleggjort i kommunen si offentlege postliste.

Brev til nye innbyggjarar - Velkomen til Gol kommune

 
Kaffemøte for næringslivet

Kaffimøte for næringslivet 2016

Møtereferat 6.september på Solstad.

Møtereferat 3. oktober på Solstad

Møtereferat 8. november på Solstad
 
Møtereferat 6. desember på Solstad

 

Kaffimøte for næringslivet 2017

Oversikt over møtedatoer

Møtereferat frå 9.januar

Møtereferat frå 14.februar

Møtereferat frå 7.mars

Ord frå ordføraren

Kjære sambygdingar!
No er det ei stund sidan eg har skrive nokre ord om alt som foregår, men eg nyttar likevel høve til å samle opp det siste halve året. Håpet er at eg meir regelmessigt får skrive om alt som skjer, spesielt i og for Gol.
Eg avslutta sist med august månad, og eg tek opp at råden.

AUGUST:
Opninga av den nye skulegangvegen gjekk føre seg med storfint besøk frå både Statens Vegvesen med sitt enorme vaffeljern og fylkesvaraordførar Olav Skinnes. Til tross for raske attendemeldingar på mangelfull merking av krysning nærmast Hesla Bru vart vegen tatt raskt i bruk, og syner seg å væra ein god bruksveg. Bilistane har også fått ein meir oversikteleg veg med betre sving og lågare fart takka væra fartsdumper.
Fyrste skuledagen til Gol skule fekk eg delta på, og eg kan bekrefte at det var mange spente og glade born som sto ute på skuleplassen. Spesielt moro var det å sjå fyrsteklassingane som alle hadde ranslar som var større enn dei sjølve.
I august fekk me den fyrste møteinnkallinga til dialogmøter med politimeisteren vedrørande nærpolitireformen. Det var knytt stor spenning til kva, korleis og kvifor. Resultatet har vorte at Gol, Hol og Nes oppretthaldast med lensmannskontor. I tillegg blir Hallingdal eigen tenesteeining, noko me politikarar har kjempa hardt for. Korleis politiet vil endre seg mot uss som innbyggjarar står framleis att å sjå. Det har vore og er framleis mykje bekymring rundt det endra tenestetilbodet, men me som politikarar kjem uansett til å ha eit tett samarbeid med etaten framover, og spesielt lokalt gjennom politiråd for å sikre ei god teneste.
Arbeidet med skattekontoret på Gol tok for alvor fart med møter på Stortinget med Høgre, AP og KrF. Me hadde også satt opp eit møte med FrP, men dette vart diverre avlyst. Brevvekslingar og telefonsamtaler inn til finans - og kommunaldepartementa vart prioritert. Strategien vart sett i verk frå tidleg august og me har jobba heile hausten og tidleg vinter med saka. Det vart arrangert folkemøtet på Gol der nokre av politikarane våre på Stortingsbenken var representert og dei ville gå ein ny runde med saka. I desse dagar jobbar vi framleis med saka og har god kontakt med dei politikarane som skal prøve å sette skattekontoret på Gol på dagsordenen på nytt både mot finansministeren og til Stortinget!
Diskusjonen rundt stamvegvalet var også tidt og ofte på agendaen i haust og det er no i desse dagar at regjeringa vil leggje fram sitt forslag. Gol har tidlegare og står framleis fast på RV 52 som stamvegval nr to. Så vil tida vise om vegen ligg inne når Nasjonal Transportplan blir vedtatt i juni 2017.
I slutten av august gjennomførte me eit møte mellom friviljugheita og kommunal sektor i Gol. Det var eit godt møte med mange frammøtte. Eg vart overraska og mektig imponert når eg fekk vete om alle dei gode tiltaka våre friviljuge tilbyr våre innbyggjarar. På møtet vart me einige om at me skulle prøve å ha ein felles møteplass minst ein gong i halvåret, og at me på sikt burde få til ein felles kalender med friviljuge aktivitetar. Neste møte blir allereie 29. mars!
Frå og med august starta arbeidet med Småjobben i Gol. Dette er eit initiativ som har starta i RÅFU og utover hausten fekk dei kontorplass på Frivillighetsentralen. I mars månad skal eg væra med dit på eit besøk for å høyre korleis arbeidet hittils har gått og vyer for framtida. Eit flott tiltak!

SEPTEMBER:
I september starta for alvor mi reise med Veilederkorpset som Gol kommune har fått tilgang på. Veilederkorpset hjelper skula i Gol med innhaldet i skulen. Politikarane i Gol var tydelege på at når den nye skula stod ferdig var det viktig at me byrja å prioritere det som skulle væra inni. Dette arbeidet pågår fortsatt og kommunestyret som skuleeigarar vil bli endå meir påkopla etter kvart.
Fyrste kaffimøte med næringslivet vart avhelde med stort oppmøte på Solstad. Dette er meint å væra ein møteplass for næringslivet der ordføraren kan gi informasjon frå kommunen om prosjekt og tiltak som vedkjem næringslivet, samtidig som næringslivet kan gi signal og diskutere med kommunen, eller seg imellom. Me har eit møte i månaden og skiftar møteplass kvart halvår. Hausten 2016 var det Solstad, våren 2017 er det Kjerstis Mat og Vinhus.
Hallingdal Ungdomsråd i samarbeid med Gol Ungdomsråd gjennomførte Skummelt Oppdrag på gamle gamleheimen på Tuppeskogen, og eg fekk lov til å bidra ved å væra ei gamal kjering på løftet. Mange ungdommar hadde ein skremmande kveld, og det var eit flott rusfritt alternativ ein fredagskveld for ungdommane våre!
Gol Reisemål starta eit samarbeid med Jarl Goli som skulle inspirere og motivere styret og dagleg leiar til framtidig drift. Me fekk masse input og har l løpet av hausten erstatta dagleg leiar som sa opp med to viljesterke og motiverte damer som tek innspela som kom fram hausten 2016 med inn i eit fartsfyllt nytt år!
Gol skule vart opne med brask og bram, der blant anna ordføraren datt ut frå eit glas, i armane på ungane. Slik er verkeleg Gol skule etter intensjonen; hjarterom og opne armar. Det var flott å sjå at lokale heltar stilte opp, og elevane spelte ei stor rolle. Stortilt opning av ei storstilt stugu!
På slutten av månaden fekk eg væra med å opne Tottenskogen Rulleskianlegg som er Hallingdal sitt fyrste interkommunale anlegg der Gol og Hemsedal kommune har samarbeida for å få til ein fantastisk flott rulleskiarena. Denne står til disposisjon for både innbyggjarane våre og ikkje minst langrennsmedlemmane  i idrettslaga våre!  Anlegget fekk også pris av Buskerud fylkeskommune i februar 2017!
I september fekk eg og gleda av å opne Skue Sparebank i sentrum og VIANOR på Glitre, to flotte nye næringsbygg som gjer Gol sterkare som handel og servicesentrum!

OKTOBER:
I oktober tok Regionrådet turen til Tromsø for å væra med vidare på Byregionprogrammet. Dette programmet har Regionrådet i sin heilheit vorte med på for å lære og bygge vidare på fleirkjernestrukturen me har i Hallingdal (seks sentrum), og korleis me i framtida skal bli livskraftige kommunar. Arbeidet går eit steg vidare i vår når alle kommunane skal bli kopla på ved politiske representantar slik at me set eigne mål for kva vi vil ha ut av dette.
Midt mellom aust og vestlandet sine haustferiar arrangerte Gol kommune sitt fyrste hyttemøte. Det er slik at me per i dag er fleire hyttegolingar enn innbyggjarar, og derfor er det viktig å laga ein møteplass for å ta opp tema som er interessante for dei som brukar mykje tid og peng i vår kommune. Det var godt oppmøte, og tanken er å fortsetta med eit møte årleg knytt til haustferien. Det vil og på sikt bli jobba med eit hyttetorg som kan sjåast i samanheng med dette møtet under Fårefestivalen.
Arbeidet med Masterplan for Hallingmo kom for alvor i gang i oktober. Tanken med dette arbeidet er å laga eit utkast til ein plan for heile Hallingmo-området. Me må tenkje heilheit for området, og kanskje er dette området med på å oppfylle Gol på tvers. Me ser på kva tiltak ein skal legge til rette for, og eg må understreke nettopp det, for her trengs det fleire krefter for å utvikle Hallingmo-området som no husar både ny skule og fleirbrukshall i tillegg til all den eksisterande aktiviteten ved blant anna Hallingmo Idrettspark.
Nes kommune saman med Regionrådet og Gol kommune tok eit initiativ mot Domstoladministrasjonen til eit møte på Nes der me bad om avklaringar og framdrift for ein felles rettstad i Hallingdal. Arkitektteikningane vart gått igjennom på nytt. Det siste i saka er at DA seier at det ikkje blir samanslåing av tingretten og jordskrifteretten, men Regionrådet jobbar vidare politisk for å påverke dette.

NOVEMBER:
I november fekk eg gleda av å dele ut pris på Buskerud Sau og Geit sitt årsmøte på Ål til blant anna vår lokale aktør Nortura for produktutviklinga av Hallingskravet Lam. Det er flott å sjå at organisasjonslivet og næringslivet samarbeidar, og sikrar at vår mat produserast lokalt!
Regionrådet har lengje hatt ynskje om å setja ned ei arbeidsgruppe for å sjå på våre idrettsanlegg frå eit regionalt perspektiv. Petter Rukke (medlem i Regionrådet/ordførar i Hol), Knut Arne Gurigard (dagleg leiar i Regionrådet), Mads Elbrønd (Gol kommune) og eg sit i denne gruppa og har kome i gang med dette i samarbeid med dei lokale idrettsråda (lag dersom ikkje råd) i kommunane. Arbeidet held fram i 2017 og skal forhåpentlegvis munne ut i ein plan som signaliserar anlegg med regional betydning.
Gjennom det siste året har Gol kommune ved fleire anledningar vore i kontakt med Jernbaneverket ang Gol Stasjon og utbetringar for både mjuke, harde og kollektive trafikantar. Arbeidet er prega av mange og lange forsinkelsar, og Gol kommune har ved fleire anledningar hatt møter og korrespondansar for å sikre framdrift. Frå januar 2017 vart Jernbaneverket oppløyst og delt inn i Jernbanedirektoratet og bane avdelingar, og for Hallingdal er me ein del av Bane nor. Me har fortsatt dialog og vil ikkje gje uss før me får til dei skisserte endringane. Prosjektet om å utbetre Gol Stasjon er overmodent og meir enn det, så me kjempar vidare.
Bokmessa i Hallingdal gjekk også av stabelen denne månaden og eg fekk den gleda av å opne arrangementet. Eg var både imponert og inspirert over all lokal litteratur og kultur me skapar og har skapt i Hallingdal. Hallingen sit så visst ikkje å tvinnar tommeltottar! Stev, dikt og diverse tekstar og bøker vart trekte fram og eg vil oppfordre hallingane om å møte meir på slike arrangement som tek for seg så mykje av vår identitet.
Kvart år inntek Kartellkonferansa til LO Stat Pers Hotell, og atter ein gong fekk eg væra gjest. Storfint besøk kom det også som tidlegare. Det er alltid ei glede å ha slikt besøk i vår kommune.
Etter Hallingtinget i oktober starta Regionrådet for alvor opp med arbeidet til Strategisk plan for Hallingdal i november. No er alle innspela frå Hallingtinget gått igjennom og me skal jobbe vidare med eit utkast som Hallingtinget skal få sjå og uttale seg om. I arbeidet har me fokus på å spisse det arbeidet Regionrådet skal gjera og sørgje for at den strategiske planen blir meir forståeleg, meiningsfull og rettleiande for det arbeidet me driv.

DESEMBER:
I desember fekk eg besøke Husflidslaget på Tingstugu. Dei kunne fortelje at dei er Buskeruds tredje største lokallag. Her møtte eg mange flotte, engasjerte og fingernemme kvinner med tydelege bodskap og signal. 
På slutten av året hadde me nokre store politiske saker. Planstrategien for Gol kommune der me prioritera kva slags planar me vil revidere i denne perioda, Helse og omsorgsplanen for Gol kommune og Barnehagestruktur. Planstrategien er vedtatt og vil starte opp med samfunnsdelen vår (tekstdelen) og fortsetta i prioritert rekkefølgje med kommunedelplan for sentrum (arealdel for sentrum) og så kommuneplanen (arealdelen for heile kommunen inkludert Golsfjellet). Helse og omsorgsplanen har no vore ute på høyring og skal ta opp innspel før ein ev. vedtek denne i mars-møtet. Barnehagestrukturen var ei vond og vanskeleg sak, etter mi meining, men enda med ei samanslåing av grendabarnehagane til Herad gamle skule. Kommunestyret sette ein føresetnad på at investeringane på Herad gamle skule ikkje må overskride 5 millionar. Prosjektet blir i desse dagar lagt ut på anbud og vil fortelje uss om me går for løysinga.

JANUAR:
Gol kommune starta året med å få ei fantastisk gåve frå Gol Rotary, heile 50 000,- til Sansehagen ved Helsetunet. Eg var invitert for å motta gåva på deira jubileumsfest på Kamben. Dette er ei gåve som vil koma mange brukarar og pårørande til gode.
Regionrådet fekk besøk av prosjektleiinga av Ringeriksbanen som gav oss oppdatert informasjon om prosjektet. Dette er eit viktig prosjekt for Hallingdal, då dette er vår sjanse til å auke tal på avgangar med tog på Bergensbanen, samt at prosjektet kortar ned reisetida frå blant anna Gol til Oslo. Dette gir uss ein endå gunstigare posisjon i reiselivet og i arbeidslivet. Dette følgjer me tett vidare!
Det vart arrangert ei reiselivskonferanse på Geilo med fokus på reiselivet i Buskerud. Her var det mykje interessant, blant anna vart eg obs på dei bevisste grøne forbrukarane. Godt er det at me i Gol har ein utbredt kultur på miljøsertifisering av næringsliv og reiseliv. Dette vart det gitt signal om at kom til å ha mykje å si i forhold til bærekraft i framtida!
Utdanningsdirektoratet inviterte Gol kommune ved utvalsleiar Tonje B Kopstad og meg sjølv til å halde foredrag om Gol kommune sin prosess frå bygging av ny skule til fokus på det indre i skulen på ei konferanse på Gardermoen. Me takka sjølvsagt ja, og fekk gode attendemeldingar. Det er flott å få sjansar til å lyfte Gol! Her fekk me også viktige innspel om korleis me skal bruke Veilederkorpset som eg nemnde tidlegare vidare.
Etter at barnehagestruktursaka var ferdig i desember inviterte eg grendalaga til eit informasjons- og idemøte om korleis me kan sikre aktivitet i husa som bli ståande att. Det var godt oppmøte, og konstruktiv dialog, og arbeidet vidare blir enkeltvis med dei grendalaga som ynskjer å samarbeide med kommunen om dette.

FEBRUAR:
Igjen var det tid for eigarsamling i Hallingdal Kraftnett, og me starta samlinga på ein visningsleilegheit på Torpomoen som var full av teknologiske løysingar. Hallingtinget har bestemt at istadenfor å ta ut utbytte i selskapet skal ein satse på samfunnsnyttige prosjekt, som fiber og teknologi. Fiberutbygginga har pågått ei stund og vil fortsetta med det nye selskapet Bruse. I tillegg vil kommunane gå i samarbeid med Hallingdal Kraftnett for å setta i gang pilotprosjekt for å sjå kva velferdsteknologi me treng i kommunane. Dette blir eit spennande og framoverlent arbeid!
I møteveka til politikarane vart det sett av tid til synfaring av den nye fleirbrukshallen samt den tredje avkøyringa. Begge spennande prosjekt for Gol kommune og lokalsamfunnet. Det vil bli ei opningsførestilling for fleirbrukshallen i august, og den tredje avkøyringa vil golingane få merke i sumar når den siste delen av vegen (den ovale rundkøyringa) ved YX blir bygd og gjer at det må lagast ein midlertidig omkøyringsveg.
Lysebo er no jamna med grunnen og her må Gol kommune byrje å diskutere kva området skal brukast til i framtida. Inntil vidare vil det bli mogleg å parkera her, men dette vil bli inngangsporten til sentrum og me må ha ambisjonar med å legge til rette for noko som ynskjer alle velkomen inn til Gol.
Alle ordførarane og rådmenn med fleire vart inviterte til den offisielle opninga av nye Hallingdal Sjukestugu på Ål. Her fekk me høyre mykji om den lange vegen me har gått samt nokre moglegheiter for framtida. Sjølve bygget har vorte flott, men det er det som er inni som tel mest. Spesialistar, CT og auka kvalitet på tenestane er noko heile dalen nyt godt av. Me applaudera og gratulera innbyggjarane i Hallingdal med eit nytt og betre tilbod.
Regionrådet fekk også ei møte med kommunal og moderniseringsministeren Jan Tore Sanner i slutten av månaden og me var ikkje seine med å fortelje han kva vi har og vil utvikle i Hallingdal, samt ko me vil klare sjølv og ko me treng hjelp til i framtida. Det var eit positivt og konstruktivt møte eg trur korkje Regionrådet eller Sanner gløymer med det fyrste!
Siste helga i månaden fekk eg lov til å opne Matsentralen for heile Hallingdal i regi av Frelsesarmeen. Matsentralen er lokalisert på Gol og skal avhjelpe dei andre kommunane sine matlager. Utdeling av mat er noko Frelsesarmeen har gjort bestandig, men her tek dei dette til eit nytt nivå. I tillegg er dette bra for å redusere matsvinn hjå daglegvarehandelen. Eit unikt samarbeid og ekstremt viktig tiltak. Gratulerer Hallingdal!
Tilslutt fekk eg opne det nye venterommet ved Gol Skysstasjon! Dette er eit etterlengta tiltak, og kjem godt med på trafikknutepunktet Gol. Me må jobbe vidare i Hallingdal med å gjera det attraktivt å velje kollektivt, spesielt på Gol, når me ser den kvardagsrushen me får kvar morgon og ettermiddag over Hesla Bru. Bruk bussen, elles mista me den!
Eg kunne ha skrive om mykje mykje meir, men eg må begrense meg noko. Eg vil prøve å skrive oftare, for det skjer mykje positivt, både på Gol og i Hallingdal! Til neste gong: heia Gol! 

Mai - August 2016

Kjære sambygdingar!
Våren gjekk så altfor fort og eg hadde verken tid eller stunder til å skrive ei oppdatering. Når sommaren endeleg kom, trengte både eg og kommunestyret og ta ferie. Og ferien er brukt til mykje refleksjon.
1 august skriv me i dag, og om knappe 17 dagar skal elevane endeleg få koma til sin fyrste skuledag i Gol nye skule. Eg har tenkt til å møte opp, sjølv om eg ikkje skal ha vanleg skuledag, men for å ynskje dei velkommen. Det blir utruleg artigt!

Skula står ferdig, og vegstrukturen rundt er i desse dagar i finpuss, samtidig som vegvesenet klargjer den nye skulevegen frå Hesla Bru og opp til nye skula via Valdresvegen. Der skal det og vera ei markering dagen før skulestart. Det skal bli gødt å få den viktige vegen ferdig, og eg er veldig spent på resultatet.
Samstundes med at Gol nye skule blir tatt i bruk, vil og Gol gamle skule bli tatt i bruk, av nye elevar frå Læringssenteret. Eg vil også ta turen dit for å sjå korleis dei har fått det i nye omgjevelsar.
Men litt attende til min refleksjon i sommar. 21.06.16 gjorde kommunestyret nokre historisk viktige vedtak. Detta kommunestyret kjem eg ikkje til å gløyme med det fyrste.
Kommunereformen tok mykje tid og krefter i vår. Sist eg skreiv var arbeidsutvalet nett kome i gang. Me hadde mykje å gjera, på kort tid. Styringsgruppe, arbeidsutval, forhandlingsutval, innbyggjarmedverkning og folkemøter. Men eg vil berømme alle dei involverte i prosessen. Politikarane, administrasjonen, prosessveiledaren og bidragsytarane ved Nes Ungdomsskule, Gol Ungdomsskule og Gol Vidaregåande skule. Politikarane i Gol og Nes fekk til ei intensjonsavtale, dette er stort i seg sjølv om ein ser litt bakover i tid, og slik sett var det ein spesiell dag når alle skreiv under på dokumentet. Kommunestyret i Nes sa klart nei etter at folkeavrøystinga var helde, mens fleirtalet i kommunestyret i Gol sa ja etter at resultata frå innbyggjarundersøkinga var kome inn. Det betyr at det ikkje blir samanslåing, men kommunestyret i Gol gav meg ei ny oppgåve i vedtaket og det var å prøve å få til ei utredning om Hallingdal kommune. Dette er inga lett oppgåve, for det beror på at alle dei andre kommunane vil, men initiativet skal eg i alle fall prøve å ta. No må resultata av kommunereformen få synke, før me startar på att. Men det vil heilt sikkert blir ein ny runde, trur eg.
I same kommunestyremøte som nemnt over tok me endeleg stilling til fleirbrukshall, og no blir han bygd. Vedtaket var samrøystes, noko som forpliktar politikarane både i medvind og motvind. I budsjettrunden til hausten må me finne gode økonomise løysingar som sikrar forsvarleg drift av hallen framover. Me har det siste året hatt god dialog med idrettslaget for å finne gode løysingar som sikrar aktivitet for alle innbyggjarar på Hallingmo-området, og det vil eg rose administrasjonen og idrettslaget for.
Tilslutt vedtok me å byggje tredje avkøyring til Gol på Storøyne, nesten samrøystes. Dette er viktig næringsutvikling for Gol, og det er nettopp derfor rådmannen legg opp til at me skal bruke midlar frå næringsfondet til dette. Kommunen har nettopp dette ansvaret, å leggje til rette for næringsutvikling, og det gjer me ved å realisere avkøyringa og infrastrukturen saman med Statens Vegvesen og utbyggjarane. Dette er eit godt samarbeidsprosjekt for meir næring og meir utvikling.
Flott er det og at idrettslaget har teke initiativ til ein kunstgrasbane til på gamle grusbanen. Eg vil oppfordre alle innbyggjarar til å ta seg ein gåtur frå Gol nye skule og gjennom Hallingmo-området for å sjå korleis det no ser ut, kva som rører seg, for her er det aktivitet.

Det skjer masse på Gol, og det håpar eg at innbyggjarane set pris på.
Dette kommunestyremøtet var på mange måtar historisk med så mange vedtak for utvikling. No ventar ein budsjettrunde til hausten der me skal finne ein god måte å drifte kommunen vidare på, med dei investeringar som er gjort og med dei driftsmessige konsekvensane det medfører. Eg har allereie byrja å forberede meg, og har til intensjon å lede politikarane gjennom ein god og gjennomdiskutert budsjettprosess.
Eg vil og vie litt plass til å skrive om eit par andre ting:
Når det gjeld skattekontoret jobbar eg og Regionrådet vidare med saken, og skal i møter med stortingspolitikarar og departement utover hausten. Eit brev med underskrift frå alle ordførarar i Hallingdal er sendt til finansministeren samt alle politiske leirarar på Stortinget. Dette for å sette agendaen til det som kjem. Me gir ikkje frå uss statlege arbeidsplassar, me vil krevja fleire til distrikta.
Stamvegsspørsmålet er fortsatt like aktuelt og vil vera det fram til våren 2017. Etter ein presentasjon av resultat frå ei utgreiing frå Statens Vegvesen visar det seg at RV7 og RV 52 står nokså likt i kampen om å bli stamveg nummer to aust-vest. Interesseselskapet for RV 52 jobbar jamt og trutt vidare med å påverke og spreie gode argument for å velje nettopp denne vegen som stamveg. Me held trykket oppe.
Me fekk i vår eit asylmottak i kommunen. Utval for kultur og levekår har tatt tak i dette og arrangert folkemøte om integrering samt at dei har satt av midlar som kan søkjast på som støtte til dei som tek initiativ til å laga til arrangement eller liknande der integrering er i fokus. Eg håpar at me som samfunn saman kan vise fram bygda vår, og ta godt imot dei som kjem til kommunen vår som busette flyktningar og dei som kjem til asylmottaket som asylsøkjarar.

Eg vil ta initiativ til å starte hyttemøter med våre hyttegolingar no til hausten. Dette for å finne ein god møteplass der kommunen og hytteeigarar kan ha ein god og konstruktiv dialog. Eg vonar at me skal få til dette og at det blir eit årleg arrangement.

Alle ordførarane vart inviterte til opninga av den nye CT-skannaren på Hallingdal Sjukestugu. Det var eit flott arrangement som var eit så viktig tiltak verdig. CT-skannaren skal koma alle slagpasientar til gode ved å bekrefte eller avkrefte hjerneslag eller hjernepropp, slik at ein kan starte rett behandling raskast mogleg. CT-skannaren skal og kunne brukast av andre pasientgrupper som er inneliggjande på Sjukestugu, slik at dei ikkje treng å transporterast til Ringerike for eit CT-bilde. I tillegg til skannaren har ein og, ved hjelp av Sjukestugu sine vener og deira kronerulling, fått splitter nytt telemedisinsk utstyr. Utstyret er av første klasse, og vil koma godt med i framtidige behandlingar for alle pasientar. Dette er på mange måtar opptakten til nye Hallingdal Sjukestugu med sin nye avdeling der sjukehuset og kommunane har gått saman om sjukesenger. Dette betyr sjukehuskvalitet på sjukesenger eigd av kommunane. Dei fyrste av sitt slag! Me gler uss til opninga til hausten.

Hausten er like om hjørna, og eg er klar etter fire flotte veker med ferie og refleksjon. Fortsatt god sumar og velkomen attende til Gol når den tid kjem!

 

Gode innbyggjarar i Gol!

Brått var påskeferien i gang.

Det var ikkje ei eige oppdatering for februar månad denne gongen. Det har med andre ord vore travelt. 

Februar starta med eit av mange samarbeidsmøter der eg inviterte lag og organisasjonar til ein dialog om korleis me kan få til sambruk av Gol nye skule. Der fekk eg mange god innspel, som eg tok med meg attende til administrasjonen, og eg forfatta ei attendemelding som i korte trekk sa at sambruk kan tidligast gjennomførast våren 2017 og at kommunen no arbeidar med å sjå vidare på korleis ein kan leggje opp eit booking system for skulen samt andre kommunale bygg som sikrar forutsigbarheit, tilgjengelegheit og system for framtida.

Landbruksministeren kom og på besøk i februar til Nortura der eg var invitert med. Det var moro å sjå ein så entusiastisk minister som tydeleg visst korleis ein skal slakte! 

Så var det eigarsamling i Hallingdal Kraftnett med nye spennande tankar for framtida med «smarthouse» teknologi. Det vil definitivt gje Hallingdal ein forsprang når det gjeld bu og bli attraktivitet og inn i arbeidet med velferdsteknologi i helse og omsorg. 

Eg har og vore på mitt fyrste møte i Hallingdal Etablerarsenter som er eit viktig og riktig tiltak for å få fleire til å leva ut drømmane sine og starte noko nytt og kreativt. Me er eigentleg ganske framsynte og framoverlente, me hallingar!

Landsting i KS, som er kommunanes interesseorganisasjon, sendte meg rett inn i landstyret. Ei oppgåve eg verkeleg gleda meg til å ta fatt i. KS byr på massiv erfaringsutveksling og kunnskap, og det å få ein fot innom her trur eg er viktig for Gol kommune.

Veilederkorpset hadde gitt Gol kommune i oppgåve og foreta ei SWOT analyse som skulle gi oss innblikk i kva me er gode og ikkje fullt så gode på. Detta for å arbeide vidare med korleis Gol nye skule skal bli endå betre. Engasjerte skuleeigarar (politikarar) møtte opp og gav mange gode og kreative innspel. 

Asylmottaket vart ein verkelegheit i februar, og me har kome i god dialog med mottaksleiar Vita Simon og UDI. På den måten sikrar me at me isaman møter dei arbeidsoppgåvene som kjem til å prege mottaket og den kommunale tenesta. Ein særs entusiastisk  mottaksleiar møtte opp på folkemøtet UDI og kommunen held i mars. Godt var det og å sjå at så mange frå friviljugheita hadde teke turen for å stille spørsmål om korleis ein kan bidra. 

Skuledag med MOT i ungdomsskulen minte meg om kor mykje flott ungdom som bur i Gol, og at dei verkeleg kan gjera kvarandre gode. 4H besøk frå Tanzania gjorde og inntrykk på meg, og eg håpar eg klarte å gjere inntrykk på dei når eg stolt viste fram bygdearkivet og dei andre avdelingane på Gol kommunehus. 

Ein prat med Statens Vegvesen var og på sin plass når me no går inn i ei viktig politisk tid med forslag til nasjonal transportplan. Gol kom godt ut med ei satsing på Svenkerud-Gol i NTP. I tillegg til forslaget til NTP har SVV teikna alternative forslag til Vonheims linja på Gol. Desse forslaga må me ta høgde for i forbindelse med revidering av arealplanen i kommuneplanen til hausten, men det er positivt at ein endeleg tenkjer alternativt her. Kommunen må sørgje for gode åtkomstar til sentrum. 

Stamvegspørsmålet er stadig tema i arbeidskvardagen og vil vera det fram til våren 2017, og sist var interessentane for RV 7 og RV 52 samla på Gol. Detta var ein interessant verkstad, der Statens Vegvesen utfordra oss, slik som dei er utfordra med arbeidet i den nye konseptutvalutgreiinga mellom Gol-Voss. Eg har og vore inne på Stortinget og fortalt om RV 52 sine fordelar som stamveg til Arbeiderpartiets sine representantar i transportkomiteen. 

I tillegg har eg besøk nestleiar i kommunalkomiteen og statsekretær i kommunal og moderniseringsdepartementet og gjort rede for kva utslag endringane i forslag til nytt inntektssystem får for Gol kommune. Og eg var så heldig og bli invitert til politisk kvarter i NRK til å innleie debatt med kommunalminister Jan Tore Sanner (H) og nestleiar i Senterpartiet Anne Beate Tvinnereim om nettopp inntektssystemet. Det var utruleg moro!

I samarbeid med Gol Reisemål inviterte eg til eit dialogmøte med reiselivsnæringa på Gol for å samordne samt fortelja kva kommunen bidreg med i reiselivsarbeidet. Det var eit fruktbart møte der me vart einige om å møtast ei gong til for å koma skrittet vidare. Det er positivt!

Tilslutt har kommunereformarbeidet verkeleg kome i gang. Arbeidsutvalet (ordførarane, rådmenn, prosessveileder) hatt sitt fyrste møte, og forhandlingsutvalet (politikarar, ungdomsrepresentantar og arbeidstakarrepresentantar) har hatt si fyrste samling. Det har i det store og det heile vore overraskande positivt, og det lovar godt. Me har klart å lyfte blikket og byrje med å teikne den nye kommunen, slik at me kan definere kva me velgjer eller velgjer bort når me skal ta avgjerdsla seinare i vår. Alle referat vil vera offentlege, eg og Tore (ordførar Nes) vil vera talsmenn i lokalavisa og me skal også arrangere folkemøter i april/mai. Eg vonar så mange som mogleg engasjerer seg og møter opp for å spørje, lytte og meine. Kommunens nettsider vil og vera oppdatert på dette. 

Men no, no tek eg litt påskeferie og fyller på masse energi på nydelege Golsfjellet, slik at eg møte frisk og rask til neste dyst.

Riktig god påske til alle saman, både fastbuande og turistar 

Gode innbyggjarar i Gol

Januar har vore ein travel men spennande månad. Allereie fyrste arbeidsdag etter ferien gikk me i gang med aust-vest stamvegsspørsmålet. 2016 blir eit spennande år med mykje veg. Statens vegvesen har tatt initiativ til ei samarbeidsgruppe for RV 7/RV 52 Gol-Voss for å sikre eit tett samarbeid med dei ulike interessentane og føre ein open og inkluderande prosess. Fyrste møte var på Voss no i januar, og det er lagt opp til ytlegare tre møte før rapporten til Statens vegvesen skal leggjast fram hausten 2016. Det politiske miljøet i Gol har fortsatt gitt meg signal om å arbeide vidare med RV52 i denne samanheng.

Den nye skulen reiser seg som eit monument i bygda. Plan og byggenemnda har jamleg prosjektleiar tilstades i sine møte for orienteringar. Kommunestyrerepresentantane får og orienteringar i kommunestyremøte og dei har og høve til å koma med spørsmål. Hjarterom og opne armar er visjonen til skulen, og med dei orda har ordføraren saman med administrasjonen teke initiativ og hatt ein idéverkstad med friviljugheita i Gol. Her fekk me gode innspel og råd for kva som må avklarast ved ein eventuell sambruk og korleis ein ser for seg framdrifta for å koma i mål med sambruk til hausten. Det er nyttig å prate saman.

Gol kommune har vore så heldige og bistand frå eit skuleveilederkorps.Veilederkorpset gir støtte til skuleeigarar og skuler som treng rettleiing, for å betre læreprosessane i skulen. Kommunestyret er skuleeigar og det har vore eit stort fokus hjå dei å sjå på det som skjer inni den nye skulen. Det får me anledning til no, og fagutvalet for kultur og levekår skal bidra aktivt i prosessen. Leiar i utval for kultur og levekår er med som ein fast representant i dette arbeidet.

Ordføraren har og deltatt på sitt fyrste fylkesstyremøte i kommunenes arbeidsgjevar-, interesse og medlemsorganisasjon. Dette er ein viktig arena for kommunane då KS er vår felles stemme inn til sentrale beslutningstakarar. Det er viktig for kommunane å seie ifrå og arbeide for at nasjonal politikk høver og gir fridom til dei lokale forhold i kommune-Norge.

Møteveka i kommunen var prega av mange og tunge saker. Organisasjonsstrukturen i Gol kommune og organisasjonsstrukturen i helse og omsorg var to av dei. Det er eit spennande grep kommunen no gjer med kommunalsjefstillingar som skal ivareta heilskapen i organisasjonen. Eg vonar me evnar i større grad å samarbeide på tvers, sjå og anerkjenne kvarandre for den fantastiske jobben alle i kommunen gjer kvar einaste dag, og få ei god teneste. Det viktigaste av alt er at de som er innbyggjarar skal få eit betre tilbod. Helse og omsorg er eit av dei største områda i kommunen. Framtida syner oss utfordringar i forbindelse med aldersutvikling og sjukdomsdiagnosar. Med den nye strukturen riggar me uss betre til å møte og svara på desse utfordringane.

Ei anna viktig sak er oppstart av kommuneplanarbeidet med vedtak om kommunal planstrategi. Planarbeid er krevjande med mange føringar frå sentrale styresmakter , med høyringar og avklaringar under vegs. Planarbeid tek tid , men me ynskjer å få til dette så smidig og kjapt som mogleg.

Dei fire nedre kommunane i Hallingdal hadde avtalt eit dialogmøte, men før me rakk å møtast kom nyhende om regjeringas framlegg til nytt inntektssystem . Der er avstand kome inn som ei strukturvurdering. Kor lang avstand er det for å nå ei befolkning på 5000, er eit viktig kriterium for tildeling av basistilskot eller ikkje. Basistilskotet er på over 13 millionar. 25,4 km er den avstanden som ser ut til å bli lagt til grunn. Det gjer at Flå ikkje mister noko av basistilskotet mens Hemsedal får ein liten reduksjon. Det er ikkje avstanden mellom bygdesentera, men kvar folk bur. Landet er delt inn i over 12000 såkalla grunnkretsar. Det er mykje talmateriale som ligg i botnen for korleis dette slår ut. Nes, Gol , Ål og Hol ligg for tett i høve til einannan , og kjem derfor negativt ut. Det er også lagt inn ei større vekting av innbyggjarar under 16 år på bekostning av dei over 67 år. Det nye forslaget er ikkje vedteke enno, men er ute til høyring. Det er sagt det skal leggjast til grunn for kommunestrukturarbeidet. Viss ein ynskjer ei kommune i Nedre Hallingdal , så vil det ikkje endre på inntektsgrunnlaget i sum om ein slår seg saman eller ikkje. Men, det er lagt inn ein gevinst til dei «nye kommunar» som gjer vedtak før 1. juli 2016. Dei får behalde delar av noverande basistilskot i 15 år og så ei nedtrapping dei neste 5 åra. I tillegg er det eit eingongstilskot på 20-40 millionar avhengig av om det er 2 eller 4 kommunar som går saman. Dette er for å " rigge" den nye kommunen som det heiter.

Gol og Nes går vidare med å drøfta kva for tidsramme ein skal ha for arbeidet. Andre ting som må drøftast er kva ein skal greie ut, korleis ein skal greie det ut, korleis innbyggjarane skal medverke og framdrift. Dette kjem opp til politisk behandling. Eg vonar det vert lagt opp til ei folkeavstemming, for i ei så viktig sak bør innbyggjarane bestemme. Spørsmålet blir om me skal legge opp til å følgje fristen for å få mest mogeleg økonomis gevinst, eller om me skal gjere eit godt stykke arbeid som me kan bruke, både viss svaret vert samanslåing eller om svaret vert styrka samarbeid mellom kommunane i Hallingdal. Sistnemnde alternativ er eit ynskje frå Hemsedal og Flå som har bedt om å få hengje seg på om det er politisk vilje heime hjå sine politikarar.

Det siste møte i denne månaden var regionrådet. Her gjekk kommunane i Hallingdal inn for ei støtte på 200 000 kroner til Karrieresenter i Hallingdal på Gol. Regionrådet legg opp til at det gjennomførast som ei prosjektperiode i eit år, før ein får ei evaluering og vurderer vidare finansiering.

Ha ein solrik sundag på månadens siste dag! 

Gode innbyggjarar i Gol!

Jula nærmar seg med stormskritt i det eg sit på kontoret og oppsummerar litt for meg sjølv kva eg har vore med på dei siste tre månadene.

Det har gått utruleg fort, og det har vore utruleg spennande. Det konstituerande kommunestyremøte  06.10.15 var ei heilt spesiell oppleving. Eg var spent, sveitt, nervøs og livredd idet eg sat meg ned i stolen. Eg vart overvelda av følelsar og rørt. Det kom nokre tårer på det nye kontoret i etterkant, og nokre av dei var triste men mest var dei glade.

Dagane etterpå gikk med på å fløta inn på kontoret og laga det til mitt. Så bar det ut i avdelingane for å helse på. Her var det mange kjente, og nokre ukjende, men for ein gjeng. Me er utruleg heldige i Gol kommune som har so mange dyktige arbeidstakarar.

Eg vart kasta inn i regionrådet og opplevde mykje av dei same følelsane  som i konstitueringa. Eg overlevde, og ikkje berre det, eg meina oppriktig at eg har fått meg eit knippe gode kollegaer. Til tross for liten fartstid i regionrådet så har me allereie hatt det interessant og morosamt. Me har klart å tenkje Hallingdal, og eg håpar at det fortset.

Konferansar, møter og nettverking har og vore ein del av tidsplana mi den siste tida. Og det er utruleg mange interessante menneskjer å møte i politikken. Eg har og vore heldig og vorte valt inn i fleire spennande fora som vil lære meg mykje.

Eg har og fått invitasjonar frå lag og organisasjonar for å bli betre kjend og for å starte ein dialog. Det set eg pris på. Eg blir utruleg motivert når eg ser all den innsatsen som frivillige gjer kvar einaste dag, for andre.

Mange av dykk invitera meg , og eg inviterer dykk til å ta kontakt. Eg ynskjer at dykk innbyggjarar skal  vete at mi dør står open viss det er noko de ynskjer å prate med meg om.

Og som for alle andre så har også julestria nådd meg, og sist veke var me ute å ynskte arbeidstakarane i Gol kommune ei god jul.

No er tida inne for å ynskje alle dykk som bur i Gol ei fredful julehøgtid og eit fantastisk godt nytt år. Eg gler meg til 2016!

Bilder