vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Mi sak

Mi sak

Innbyggjarinitiativ er ei lovfesta ordning som gir kommunens innbyggjarar rett til å fremje saker til politisk behandling. Kravet er mellom anna at minst 300 innbyggarar støtter saka med sine underskrifter. Du har likevel ikkje krav på noko bestemt utfall av saka.
• Nettportalen misak.no gjør det mogleg både å fremje saker og samle underskrifter.
• Veileder om innbyggerinitiativ
• Kommuneloven § 39a Innbyggerinitiativ

Kven kan fremje saker?
Alle som bur i kommunen saka gjeld kan fremje eller skrive under på ei sak. Ungdom under 18 år kan også fremje saker.

Kva saker kan du fremje?
Du kan fremje saker som gjeld kommunens verksemd.

 Kva saker kan du ikkje fremje?
• Saker som allereie er behandla av kommunestyret i løpet av valperioden.
• Saker med same innhald som eit tidligare innbyggjarinitiativ.

Når må saka behandlast?
Kommunestyret skal ta stilling til saka seinast seks månader etter at ho er motteken.