vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Planar under arbeid

Her finn du planar som ligg ute, eller har vore ute til høyring, men fortsatt ikkje er endeleg vedtatt.

Oset hyttefelt del III

UNN har i sitt møte 30.05.2017, sak 035/17 behandla forslag til regulering av nemnde område. Planforslaget legg til rette for etablering av 26 nye hyttetomter med tilhøyrande anlegg og føremål, og det er lagt til rette for småbåthamn i ei vik av Tisleifjorden. Plankartet har totalt 72 hyttetomter, då den skal erstatte eldre reguleringsplanar for Oset del I (vedteke 21.06.2011) og del II (vedteke 09.09.2014). Planområdet har avkøyring frå veg Golsfjellvegen - Tisleidammen.

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 17.06. - 29.08.2017. Høyringsuttale må vera i skriftleg form og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL seinast 29.08.2017.

 

Kamben - gnr. 12, bnr. 13 - mindre reguleringsendring

UNN har i sitt møte 30.05.2017, sak 030/17 behandla forslag til regulering av nemnde område. Planfoeslaget legg til rette for etablering av tre nye hyttetomter med tilhøyrande anlegg og føremål, med utgangspunkt i ei eldre bebygd tomt. Tre av dei planlagde parsellane er i dag bebygde. Planområdet har avkøyring frå Øvre Bjødnalivegen.

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 17.06. - 29.08.2017. Høyringsuttale må vera i skriftleg form og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL seinast 29.08.2017.

Område K1 Einarset (Storefjellstølen)

Gol kommune v/Utval for Natur og næring (UNN) har behandla forslag til reguleringsplan for området i sitt møte 25.04.2017, som sak 015/17.

Det er regulert byggeområde for hytter, både frittliggande og meir konsentrert, næringsområde, friluftsområde, skiløype, samferdselsanlegg som vegareal m.m. Planforslaget legg til rette for utbygging av inntil 42 frittliggande hytter, 37 einingar fordelt på 5 tunområder med meir konsentrert utbygging, 3 områder for bygging av leiligheiter og næringsområder med inntil 84 einingar. Det ligg 6 eldre bebygde hytteeigedomar i området. Planområdet har avkøyring frå Einarsetvegen, via Gullknappvegen. Plandokumenta ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 27.05. - 08.08.2017, og omfattar

Planforslaget med tilhøyrande dokument er lagt ut til offentleg ettersyn på Gol kommunehus; tenestetorget, på Gol biblioteket. Høyringsuttale må vera i skriftleg form og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol seinast 08.08.2017.

 

Hemsedal golfalpin - F8 og F11 - endring av felles plan for Hemsedal og Gol

Hemsedal kommune har lagt planforslaget ut til offentleg ettersyn i perioden 24.08. - 05.10.2016.

Følgjande dokument er tilgjengelege:

Høyringsuttale skal sendast til Hemsedal kommune, 3560 HEMSEDAl, eller postmottak@hemsedal.kommune.no innan 05.10.2016. Planforslaget vert sluttbehandla i UNN 30.05.2017, og i kommunestyret 13.06.2017.

Kommunedelplan helse -og omsorgstenesta

Kommunestyret i Gol kommune vedtok 22.11.2016 å sende ut forslag til kommunedelplan helse- og omsorgstenesta til offentleg ettersyn.

Høyringsbrev med mottakarliste

Forslag til kommunedelplan for helse og omsorg - primærhelsetenesta 2017-2026

Organisajonskart