vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Planarbeid

Mottakskontroll av arealplanar

Mottakskontroll av arealplanar

Plan - og bygningsloven

Overordna planar

I samsvar med pbl. § 20-1 skal kommunane utføre kommuneplanlegging for å samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga. Kvar valperiode skal kommunestyret vurdere kommuneplanen samla. Den langsiktige delen av kommuneplanen består av:

Langsiktige målsetjingar. Denne planen er kalla "Kommuneplanens samfunnsdel". Den er det øverste overordna styringsverktøyet til kommunen. Plandokumentet fastset langsiktige mål for samfunnsutviklinga i Gol, og langsiktige retningsliner for verksemda til kommuneadministrasjonen.

Kommuneplan for Gol 2011-2023 - arealdelen - vedteke 06.09.2011 i sak K 038/11 i Gol kommunestyre. Kommuneplanens arealdel er juridisk bindande og fastset dei overordna rammene for den totale arealbruken i Gol kommune.

I nokon delar av kommunen er det ynskje om å ha andre og meir spesifiserte plankrav og føresegner. Kommuneplanens arealdel vert difor supplert av fylgjande kommunedelplan:

Kommunedelplan for Gol tettstad 2006 - 2015, Arealplan vedteken i sak K 049/06 er å få kjøpt i tenestetorget for kr. 100,-. Det same gjeld for den nyaste kommuneplanen med tilhøyrande føresegner.

Kommuneplanarbeid

Status kommuneplanarbeid: Kommunedelplanen for Gol tettstad 2006-2015 har erstatta ”Kommunedelplan for Gol tettstad” og kommunedelplanen ”Gol tettstad-sentrumskjernen” frå 1994-95.

Detaljplanar

Detaljplanar som bebyggelses- og reguleringsplanar skal utarbeidast så langt det er naudsynt for å trygge gjennomføringa av kommuneplanlegginga. Det er plikt til å utarbeide detaljplan ved større bygge- og anleggsarbeid, og der det er plankrav i kommuneplan/kommunedelplan. Av omsyn til ein planprosess har kommunen utarbeidd dokumentet: "Mottakskontroll av arealplaner i Gol kommune" som gjer greie for kva krav som gjeld ved innlevering av ein detaljplan. I tillegg har vi laga liste over offentlege instansar og interesseorganisasjonar som skal, og/eller bør vurderast i samband med varsling om oppstart av planarbeid. Her kan du finne lista over varslingspartar.

Oversikt over vedtekne detaljplanar i Gol kommune og detaljplaner under handsaming finn du i vårt digitale planarkiv. Gol kommune nyttar utbyggingsavtalar som eit supplement til reguleringsplanar for å sikre kvalitet og samanheng mellom plan og prosjekt.

Utbyggingsavtalane på Golsfjellet er utarbeidd frå mal vedteken av kommunestyret den 01.03.2005.