vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Høyring og kunngjeringar

Høyringar

Kommuneplanens samfunnsdel 2018 - 2030 - høyringsfrist 26.04. 2018

Kommuneplanens samfunnsdel 2018 - 2030 blir lagt ut til høyring og til offentleg ettersyn i tråd med vedtak i kommuneplanutvalet 08.03. 2018 i sak 12/18.
Samfunnsdelen er kommunen sitt overordna styringsdokument og omhandlar langsiktige mål og strategiar for Golsamfunnet og kommunen som organisasjon.

Høyringsbrev
Høyringsdokument
Kommuneplanens samfunnsdel
Næring og arbeidsplassar
Gol sin plassering regionalt og nasjonalt
Det gode liv i Gol

Storøyne del I - kunngjering av planvedtak

I medhald av plan- og bygningslovas § 12-12 har Gol kommune vedteke Detaljplan – Storøyne del I. Planen vart vedteke av Gol kommunestyre 30.01.2018 i sak 001/18, i samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-4 og 12-12. Planen legg til rette for utbygging av arealkrevjande volumhandel på Storøyne, med avkøyring frå Hahaugvegen. Del av reguleringsplan for Storøyne – Pers Resort, Planid:2008009 og del av Områdeplan for deler av Vikojordet og Storøyne, Planid:2012010 vert oppheva.

Partar i saka vert varsla ved særskilt brev. Kommunen sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-12, jfr. forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, innan 18.03.2018. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket, jf. plan- og bygningslovas §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.

 

Kommunedelplan for energi og klima i Gol kommune - høyring av planforslag med frist 9.mars 2018

Her kan du lesa alle dokument:

Brev

Planutkast

Oppsummering av tiltak og gjennomføring

Meir om klimagassutslepp i Gol kommune

Meir om framskrivingar

 

Utbyggingsavtale - Storefjellstølen

Utbyggingsavtale er behandla i Gol kommunstyre 10.10.2017, som sak 072/17, og vert lagt ut til ettersyn fram til 14.11.2017. Kommunestyrets vedtak, og signert UB-avtale.

Kunngjeringar

Storefjellstølen - detaljreguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Gol kommune vedteke detaljreguleringsplan for Storefjellstølen. Planen vart vedteke av kommunestyret 21.11.2017 i sak 080/17. Planen legg til rette for utbygging av inntil 41 frittliggande hytter, 37 einingar fordelt på 5 tunområder med meir konsentrert utbygging, 3 områder for leiligheiter og næringsområder med inntil 84 einingar. Det ligg 6 eldre bebygde hytteeigedomar i området. Følgjande dokument er tilgjengelege

Planvedtaket vart kunngjort ved annonse i Hallingdølen laurdag 2.desember. Kommunen sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-12, jfr. forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Det kan ikkje klagast på forhold som tidlegare har vore avgjort etter klage eller motsegn på reguleringsplanen. Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, innan 25.12.2017.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.

Oset del III - detaljreguleringsplan

Detaljreguleringsplan for området vart vedteke av Gol kommunestyre 21.11.2017 i sak 079/17, og legg til rette for bygging på 26 nye hyttetomter med tilhøyrande anlegg og føremål, og for etablering av småbåthamn i ei vik av Tisleifjorden. Plankartet har totalt 72 hyttetomter, då den omfattar eldre detaljreguleringsplanar for Oset del I (vedteke 21.06.2011) og del II (vedteke 09.09.2014). Reviderte føresegner for området. Planområdet har avkøyring frå veg Golsfjellvegen-Tisleidammen. Administrasjonen sitt saksframlegg.

På kommunen sine nettsider ligg revidert plankart og føresegner, saksframstilling og vedtak frå kommunestyret datert 21.11.2017, sak 079/17.

Kommunen sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-12, jfr. forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, innan 25.12.2017. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket, jf. plan- og bygningslovas §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.

Kamben gnr. 12, bnr. 13 - reguleringsendring

I medhald av plan- og bygningslovas § 12-12 har Gol kommune vedteke planendring for Kamben, gnr. 12, bnr. 13. Planen vart vedteke av Utval for Natur og næring (UNN) 19.09.2017 i sak 056/17. Reguleringsendringa legg til rette for deling av eigedomen i 4 hyttetomter. Det er i dag tre eldre hytter på eigedomen.

Planvedtaket vert varsla ved annonse i Hallingdølen laurdag 14.oktober. Partar i saka vert varsla ved særskilt brev. Kommunen sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-12, jfr. forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Det kan ikkje klagast på forhold som tidlegare har vore avgjort etter klage eller motsegn på reguleringsplanen. Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, innan 06.11.2017.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaka, jf. plan- og bygningslovas §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.