Klubb 1
Klubb1 er ein open ungdomsklubb for ungdom mellom 13 og 18 år med lokale i kjelleran på Breidokk barnehage.
På Klubb1 jobbar det to personar, klubbmedarbeidar Anita og klubbleiar Trond.
Aktivitetar
Klubb1 er ein rusfri stad der ungdommen skal føle seg trygge og ivaretatt. På Klubb1 er det biljard, airhockey, datamaskinar, PS3, Wii, videokveldar, TV med mange kanalar og ikkje minst eit utruleg bra discoanlegg. Så her er det berre fantasien som stoppar for aktivitetar. Klubb1 har ein eigen kiosk der det blir seld varm mat, brus og diverse godteri til låge prisar.
Leige av lokala
Klubb1 leiger ut lokala sine til klassefestar og fødselsdagar.
Leien er på 750,- med musikk/DJ kostar det 200,- ekstra.
For booking eller spørsmål kontakt Trond på mobil: 908 55 530
Opningstider 
- Tysdagar frå kl. 17.30 til kl. 22.00
- Fredagar frå kl. 18.30 til kl. 23.00