Gol barnehage
I Gol kommune er det sju kommunale barnehagar og i tillegg er det ein familiebarnehage.
Dei kommunale barnehagane i Gol har felles administrasjon.
Hovudopptak
for barnehageplass har søknadsfrist kvart år 1.mars. Behandlinga skjer i mars/april. Det blir gjeve tilbod om plass 2-5 dagar pr.veke. Barn som det blir søkt om plass for til hovudopptaket og fyller eit år innan utgangen av august, har rett til å få barnehageplass. Dei som søkjer utanom hovudopptaket, blir sett på venteliste og får tilbod om plass etterkvart som det blir ledige plassar.
Endring av plass
kan skje gjennom heile barnehageåret. Søknad om endring må skje elektronisk (same skjema som ved hovudopptak).
Ved ledig kapasitet kan barn som har deltids barnehageplass kjøpe ekstra dagar.
Oppseiing av heile plassen
Ved oppseiing av heile plassen skal ein også nytte elektronisk skjema.
Generelt om Gol barnehage
Alle avdelingane arbeider etter Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagar og vedtekter for Gol barnehage. Det blir lagt spesielt vekt på sosialt samspel, språkstimulering, på opplevingar, og på å gje barna medverknad over eigen kvardag i barnehagen. Alle avdelingane arbeider også med å vidareføre lokal kultur og tradisjon til barna. Dessutan legg vi vekt på å vere mykje ute i naturen i nærmiljøet eller på fjellet.
Opningstider i barnehagane.
Dei sju kommunale barnehagane har opningstid kvar dag frå kl.07.30 - 16.30 (sjå meir utfyllande informasjon under vedtektene).
Den private familiebarnehagen har opningstid kvar dag frå 07.45 - 16.15.
Stenging i påskedagane og dagane i romjula
Frå 2010 er heile Gol barnehage (alle dei sju barnehagane) stengt mandag, tysdag og onsdag i påskeveka.
I jula blir alle dagane f.o.m. julaftan og t.o.m. 1. nyttårsdag stengt.
I andre feriar er det alltid ein barnehage open for å gje tilbod til dei som har behov. (sjå utfyllande punkt om ferie i vedtektene).
Felles årsplan for Gol barnehage