Kommunevåpenet

På gull grunn tre opprette svarte lyklar med skjegget ned, to over ein.

Bilde av kommunevåpenet for GolDå Gol kommunestyre valde nyklar i sitt kommunevåpen var det også stor diskusjon både om farge og metall på nyklane, botnfarga på skjoldet og tal nyklar. Dette ordskiftet enda med vedtaket i

Kgl.resolusjon 13.september 1985
som fastsette denne formuleringa for kommunevåpenet til Gol:
På gull grunn tre opprette svarte lyklar med skjegget ned, to over ein.

For flagget er det gul grunn i staden for gull.

Merk her at i Kgl. res. er det brukt golingsforma "lyklar".

Formgjevar: Stein Davidsen.

Av saksførebuingane framgår det ikkje spesielle grunnar for val av tre lyklar. Kommunestyret valde fyrst to, men endra dette til tre, etter drøftingar med Riksarkivaren.

Lyklar er viktige i dagleglivet. Historisk har lyklar hatt vel så stor symbolsk betydning. Heilt sia Jesus overleverte Peter lyklane til himmelriket, har lykjelen hatt ei viss betydning i det liturgiske ritualet i kyrkja.

Lyklar på segl og våpenskjold har tradisjon attende til det 13. århundre, brukt symbolsk i heraldisk samanheng. Paven tok i bruk lyklar som emblem på sitt våpenskjold. Ei rekkje byar og kommunar verda over brukar ein eller fleire lyklar i sine våpen, t.d. Bremen i Tyskland og Riga i Latvia.

I Noreg er det Drammen, Sør-Odal og Gol som har lyklar i sine våpen, medan Kviteseid har låsskilt.

Gol kommune valde tre like lyklar. Motivet for å bruke lykjelen var kyrkjehistorisk, fordi det er kyrkjelykjelen frå Gol stavkyrkje -kyrkja som i dag står på Norsk Folkemuseum- som er brukt. Den originale lykjelen, som vart att då kyrkja vart riven og flytta sist på 1800-talet, er i dag i privat eige i Gol.

Etter initiativ frå Torbjørn Rustberggard vart Gol stavkyrkje reist på ny - i full målestokk - på Gol i 1994, men då på Storøyne ved Gol sentrum og ikkje på gamletomta oppe i Golreppen - like ovanfor Gol kyrkje.

Både på Gol kommunehus og i Gol kyrkje står det i dag modellar av Gol stavkyrkje.

Om Gol stavkyrkje, før ho vart riven ned og flytta til Bygdøy, står det i Boka om Gol ( H.Svello ) :

I 1824 bytte Ola Viko, sonen til Kolbjørn att, burt sin halvdel av kyrkja, i plassen Krusedøkkji med Tor Nilson Eikle. Han fekk 500 spd. (spesiedalar) i mellomlag. I 1826 melde Tor Eikle til forlikskommisjonen Kolbjørn Hagen fordi han hadde hogge i Finnesgardsskogen, som høyrde Gol kyrkje til. Kolbjørn åtte framleis den andre halvdelen av kyrkja.

På auksjon på Eikle i 1830 vart den delen av kyrkja som Tor åtte, seld til Torjus Asleson Finnesgarden. Torjus selde att til klokkaren S.Håvelsen i 1845. Frå han att gjekk so denne halvdelen til svigersonen Ulrik Kjerulf i 1862, og han att selde so til Ola Olson Hagen i 1869 for 500 spd. Dermed kom kyrkja til ein eigar att. Ola Olson Hagen, Hagamannen dei kalla, hadde frå før den andre halvdelen etter fedrane sine. Han kom so til å ha kyrkja til i 1880, då Fortidsmindesmerkeforeningen kjøpte henne, og ho vart riven og bygd oppatt på Bygdøy.

Kjelder:

Arkivet i Gol kommune, Boka om Gol I/Hallvard Svello og
Terje Nordheim/Kulturnytt 3/94

Sist publisert
09.04.2013
Publisert av
TOB