Søknad om barnehage- og SFO-plass 2010/2011
Fristen for å søkje barnehage- og SFO-plass i samband med hovudopptaket er 1. mars.
Alle som søkjer barnehage- og SFO-plass neste år, må gjere dette ved å nytte elektronisk søknad.
Det er lurt å registrere seg som brukar. Kvifor?
- du får ein tilbakemelding/bekrefting på at søknaden er motteke
- du kan ta kopi av søknaden din
- data som du har lagt inn, ligg der, slik at du slepp å registrere alt på nytt neste gong du skal søkje plass.
Søknad om barnehageplass
Viss du ynskjer å vidareføre barnehageplassen slik den er i dag, skal du ikkje søkje. Du skal sende elektronisk søknad dersom du:
- har plass og vil auke eller redusere denne
- har plass og vil endre dagvalet for denne
- har plass og vil bytte barnehage
- er ny søkjar
Link til elektronisk søknadsskjema finn du her. Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Servicetorget.
Ikkje norsk fødselsnummer?
Dersom du eller barnet ikkje har norsk fødselsnummer, så må du søkje på eit manuelt skjema. Skjemaet kan du få ved å henvende deg til Servicetorget.
Oppstartsdato og endringsdato
For barnehageplassen er det ca. 16. august, og du vil få svar på søknaden innan utgangen av mars månad.
Rett til barnehageplass
Gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass og som har søkt i hovudopptaket.
Flytting
Dersom du veit at du skal flytte eller av andre årsaker ikkje skal ha barnehageplass frå august 2010, ber vi deg om å informere barnehagen din om dette innan 1. mars.
Søknad om SFO-plass
Alle som ynskjer plass i SFO for skuleåret 2010/2011 skal sende elektronisk søknad. Link til elektronisk søknadsskjema finn du her.
Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Servicetorget.