Felles nattlegevakt for Hallingdal
Sidan 7. januar har Hallingdalskommunane samarbeidd om felles nattlegevakt.
Kva for forandringar medfører ordninga?
Legevakta på natt, dvs i tidsrommet 23.00 – 08.00, vil med den nye ordninga vera fast lokalisert på Ål.
Lokala ligg i kjelleran på Hallingdal sjukestugu, med inngang frå nedsida.
Legevakta er bemanna med lege og sjukepleiar som er til stades i vaktlokala heile natta.
På kveldstid er det ingen endring fra tidlegare. I tidsrommet frå legekontora stenger og fram til nattlegevakta opnar, er det framleis legar på vakt i dei ulike vaktdistrikta.
Korleis vender eg meg til legevakta?
I utgangspunktet tilrår vi at ein ringer legevakta og gjer ei avtale, sjølv om det gjennom heile natta vil vera personell tilstades.
På denne måten kan ein unngå unødig ventetid ved at ein får ei konkret timeavtale. Ein kan også få hjelp til å organisere transport til legevakta, eller få gode råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er nyttige inntil ein kjem fram til legen.
Bruk det same telefonnummeret som tidlegare:
32 07 44 77