Skulefritidsordninga (SFO)

SFO

SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) I GOL
Skulefritidsordninga er felles for Gol og Herad skule og ligg på Glitrehaug.



Elevane på Herad har morgon-tilbodet sitt der dersom det er behov for det. Om ettermiddagen blir dei transportert opp til Glitrehaug.SFO er for barn i 1.- 4. klasse og for funksjonshemma barn t.o.m. 7.klasse.

SFO skal gi barna eit godt fritidstilbod med tilsyn, omsorg og varierte aktivitetar.
Uteområdet på SFO er stort og godt tilrettelagt og ein del av aktivitetane vil derfor foregå ute. Det er derfor viktig at barna alltid har funksjonelle uteklede tilgjengeleg.  

TILSETTE

- Rektor ved Gol skule har det pedagogiske og administrative ansvaret.
- SFO - leiar har ansvar for dagleg drift.
- Øvrige tilsette er barne og ungdomsarbeidar /barnerettleiarar.

SKYSS

Skyssbehov som ikkje fell saman med vanleg skuleskyss, må foreldra sjølve stå for.
Elevar frå Herad skule får skyss til Glitrehaug etter skuletid. På skulen sine fridagar må foreldra stå for skyssen.

VEDTEKTER

Kommunestyret fastset reglar for drift av SFO. Vedtekter for drift av skulefritidsordninga  i Gol kommune vart godkjent 15.02.2010.
Vedtektene vil bli utdelt til alle nye SFO-elevar.
De kan også lese vedtektene her.

SFO-PLASS I SKULEÅRET

SFO- året startar samtidig med skulen, og følgjer elles skuleruta.

SØKNAD OM SFO-PLASS

Alle må søke på elekronisk skjema som er å finne på Gol kommune sine heimesider. Søknadsfrist er 1. mars.

 

ENDRING AV SFO- PLASS I SKULEÅRET

Alle endringar i opphaldstid skal gjerast på elektronisk skjema.

 

OPPSEIING AV PLASS

skal gjerast på elektronisk skjema og oppseiinga skal gjelde frå den 1. eller 15. i månaden. Oppseiingsfristen er 1 mnd. 

SFO I SKULEN SINE FERIAR

SFO vil frå og med 01.01.10 vera stengt i alle skuleferiane.
Gol skule og SFO er pålagt store innsparingar i 2010, og reduksjon av SFO-tilbodet er ein del av desse sparetiltaka. Sjå skuleruta 2010/11 og skuleruta 2011/2012 for ferie og fridagar.

 Tiltaket er gjort med atterhald om godkjenning av endring av vedtektene for SFO i UKL 27. januar og kommunestyret 9. februar.

 

Publisert
17.11.2007
Sist endra
20.02.2012
Publisert av
abb