Langtidsopphald ved Gol helsetun
Eldre med alvorleg somatisk helsesvikt og/eller diagnosen demens, som har omfattande behov for medisinsk behandling, pleie og omsorg, kan søkje om langtidsplass ved Gol helsetun.
Før ein søkjer om plass skal alle andre aktuelle hjelpetiltak, som f.eks medisinsk behandling, rehabilitering, omsorgsbolig, tilrettelegging med teknisk utstyr og andre tiltak i eigen heim, vere vurdert og prøvd.
Dei som vert tildelt eit langstidsopphald, skal betale ein viss andel av inntekta si (pensjon, renteinntekter og liknande). Det er ikkje høve til å kreve delar av formuen (fast eigedom, bankinnskudd, aksjar mv.) som betaling. Vederlagsforskrifta regularar størrelsen på betalinga.
Praktiske opplysningar
Det må søkjast om tenesten. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av langtidsopphald.