Praktisk bistand og opplæring i heimen (heimehjelp)
Kommunen tilbyr praktisk bistand og opplæring til dei som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.
Praktisk bistand
Formålet er å yte hjelp til dagleglivets praktiske gjeremål i heimen og i tilknytning til hushaldninga. Tenesta vert ytt i tenestemottakarens heim og kan bestå av:
- reinhald
- hjelp til vask av tøy
- sengeskrift
- hjelp til innkjøp av daglegvarer frå nærast butikk.
Reinhald inneber vask av rom som er i dagleg bruk, støvsuging, golvvask enkel støvtørking og vask av sanitær. Den som får praktisk bistand må ikkje røykje når tilsette er tilstades. Det vert krevd eigenandel for praktisk bistand.
Det blir ikkje gjeve praktisk bistand til bl.a.:
- storreingjering/rundvask
- reingjering av teppe ut over støvsuging
- reingjering av rom ein ikkje nyttar
- rydding eller vasking av kjeller eller loft
- pussing av vindu
- vask av altan/terrassar
- pussing av sølv, kobbar og messing
- hogge/bere ved
- hagearbeid/plenklipping
- stell av dyr
- anna førefallande arbeid
Det blir ikkje gjeve praktisk bistand på helligdagar.
Praktisk opplæring
Gjeld opplæring dagliglivets gjeremål. Formålet er å gjere den enkelte mest mogleg i stand til å klare seg i kvardagen. Det kan for eksempel vere opplæring i personleg stell og eigenomsorg.
Praktiske opplysningar
Det må søkjast om tenesta. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av praktisk bistand og opplæring (heimehjelp).
Kommunen kan kreve betaling for nokre sosiale tenester, men ikkje for hjelp til eigenomsorg og personleg stell. Det er vedteke ein eigen forskrift om betaling for sosiale tenester som vert gjeve utanfor institusjon.