
Føretak som er utsett for særleg store tap av sau på beite som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot, kan få økonomisk støtte gjennom denne ordninga.
Kven kan søkje?
Kva kan erstattast?
Opplysningsplikt
Søknadsfristar
Elektronisk søknad
Kven kan søkje?
Erstatning for tap av sau på beite gjeld for føretak som har rett til produksjonstilskot i jordbruket.
Kva kan erstattast?
Tap av sau som ikkje kan forsikrast gjennom ein allment tilgjengeleg forsikringsordning kan dekkast av denne ordninga.
- Dyr på innmarksbeite kan forsikrast gjennom alminnelig forsikring og er dermed ikkje omfatta av ordninga.
- Sau som er tapt på utmarksbeite kan dekkjast gjennom denne ordninga.
Etter denne ordninga vert det ikkje gjeve erstatning for tap som er forårsaka av rovvilt. Forskrift om erstatning for tap og følgekostnader når husdyr blir drepe eller skada av rovvilt vert forvalta av Direktoratet for naturforvaltning. For meir informasjon om erstatning for rovviltskader sjå www.rovviltportalen.no.
Saueeigarar som kan ha rett til erstatning etter begge ordningar, og søkjer om dette, får prøvd saka si i høve til begge regelverka (sjå under Søknadsfrist).
Opplysningsplikt
Føretaket må dokumentere tap av sau på beite i søknaden. Tilsynsfrekvens og tiltak i beiteområdet skal dokumenterast ved regelmessig ført logg eller ved attestasjon frå kommunen.
Erstatning
Erstatninga vert utrekna etter standardiserte satsar pr. dyr fastsett i forskrift 21. juli 2004 nr 1131, om erstatning etter offentlige pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon § 20.
Eigenandel er 30 % for samtlege tap som kjem inn under ordninga. Eigenandel vert utrekna av nettotapet. Erstatning på mindre enn 15 000 kroner vert ikkje utbetalt.
Søknadsfristar
Søknad som gjeld tap av sau på innmarksbeite/utmarksbeite må være motteken hjå kommunen innan 31. desember det året tapet har skjedd.
Søknad som gjeld tap forårsaka av rovvilt vert behandla av Fylkesmannen si miljøvernavdeling og søknadsfristen er 1. november det året tapet har skjedd.
Frå søknadsomgangen 2007 er det ei samordning av søknader hjå Fylkesmannen.Saueeigarar som kan ha rett til erstatning etter begge ordningane, og søkjer om dette, får prøvd saka si i høve til begge regelverka. Fristen for søknader som skal behandlast etter begge regelverk er 1. november.
Søknad
Det er nå mogleg å søkje om erstatning via internett via Altinn som for produksjonstilskot (elektronisk søknad).
Dette har fordelar både for søkjar og forvaltning. Mange av de opplysningane søkjar må oppgje kan hentast inn automatisk og søknaden vert sendt automatisk til rett instans.
Papirsøknad skal skrivast på eige skjema og sendast kommunen som sender den vidare til fylkesmannen.
Søknadsskjema kan du òg finne på nettsida til Statens landbruksforvalting.