Vassmålar - avlesing og kontroll

Gol kommune minner forbrukarane om å følgje med på vassmålaren.

Kommunen sender ut avlesningskort til abonnentane ein gong i året, i desember månad.

Som abonnent kan du lage ditt eige avlesningssystem, månadleg eller pr kvartal, eller kva som passar, og du kan samanlikne med tidlegare avlesningar.

Små lekkasjar blir mange liter og kubikk over tid - og sparte pengar.

Ved jamn kontroll blir lekkasjar og utilsikta renning av vatn oppdaga på eit tidleg tidspunkt. Meirkostnaden blir minimal.

Regelen er at med vassmålar betalar abonnenten for brukt vatn, og for påfølgjande utslepp av avløpsvatn.

Mistanke om feil med vassmålar?

Dersom abonnenten har mistanke om feil med vassmålaren, ta kontakt med Gol kommune, Kommunalteknisk avdeling.

Kostnad ved smålekkasjer

Publisert
14.02.2011
Sist endra
14.02.2011