Ledsagerbevis

Bilde av logo for  LedsagerbevisBeviset gir funksjonshemma som er avhengig av ledsager for å ta del i fritids- og kulturarrangement/-aktivitetar høve til å ta med seg ein ledsager utan å betale for denne personen.
Den funksjonshemma betalar sjølv ordinær billett.

 

Tildeling

Kor kan ein bruke ledsagerbevis i Gol

Innehavaren av ledsagerbeviset kan bruke dette i Gol kommune ved alle kommunale kultur- og fritidsarrangement/-tiltak.
Ved tildeling av ledsagerbevis vil det bli opplyst om kvar ordninga med ledsagerbevis gjeld.
Ledsagerbeviset kan også brukast utanfor den kommunen du bur i, og det kan brukast på kollektivreiser.

Tildeling

Personar som p.g.a. ein fysisk eller psykisk funksjonshemming er avhengig av ledsager på arrangement/aktivitet kan søke.
Brukaren må vera registrert i folkeregisteret i Gol kommune.
Det må søkjast på eige skjema, som skal sendast Gol kommune, Servicetorget.
Søknadene vil bli behandla av Servicetorget, som også sender ut ledsagerbevis til godkjente søkjarar.

Her kan du bruke ledsagerbevis i Gol:

  • Arrangement i regi av GOL KOMMUNE
  • SYMJEHALLEN I GOL SAMFUNNSHUS
  • KLUBB 1
  • GOL BYGDEMUSEUM
  • GOL REISEMÅL as
  • Arrangement i regi av GOL IDRETTSLAG (unntatt arr. med servering)
  • Arrangement i regi av GOL SPEL- OG DANSARLAG
  • Arrangement i regi av HALLINGDAL FOLKEHØGSKULE
  • Arrangement i regi av GOL HELSELAG
  • Arrangement i regi av GOL FRIVILLIGHETSSENTRAL
  • Arrangement i regi av KYRKJEMUSIKKOMITEEN
  • Arrangement i regi av GOL UNGDOMSLAG (ikkje kurs)

Publisert
16.11.2007
Sist endret
31.03.2011
Publisert av
Liv Rosén