Gol bygdemuseum

Bilde frå Gol bygdemuseumGamal gard med alle dei husa som høyrde til i eldre tid. Garden er ein av dei eldste i Gol.

Museet ligg i Golreppen ovanfor Hallingdal folkehøgskule.
Tunet er ope for omvising om sommaren og elles etter avtale.
For prisar og opningstid: sjå Hallingdal museum

Husa på garden

Stugu er frå tida rundt 1800. Loftet er frå 1750. Stabburet er frå rundt 1800. Låven med stallar er frå 1830. Eldhuset er frå tida etter 1700. Trevet og skålen er frå tida rundt 1830. Badstugu er frå tida rundt 1800 og denne er flytta til museet frå garden Tronsgard i Gol.
Kverna frå 1800 er kome frå H.H. Brennhovd i Grønlio i Gol. Stølshuset frå 1818 er flytta frå Turhusvollen på Habbeset i Gol og ned til garden. Skulehuset frå 1880 åra er kome frå Grønlio i Gol. Inne i husa finst det meste av det folk og dyr hadde bruk for på ein gard i gamal tid.

Gol Museumslag

Gol Museumslag er ein venneforening for Gol bygdemuseum.
Leiar for museumslaget er Runar Foss Larsen

Publisert
16.11.2007
Sist endret
31.03.2011
Publisert av
Liv Rosén

Kontaktinformasjon

Kultur- og informasjonsavdelinga
Gol kommunehus
Gamlevegen 4, 3550 Gol

Avdelingsleiar Liv Rosén
Tlf. 32 02 90 39
Epost

Kulturkonsulent Gunn Ragnhild Stigen
Tlf. 32 02 90 40
Epost

Fritidsleiar Kjetil Th. Storebråten
Tlf. 32 02 90 41
Epost