Startlån
Startlån er ei behovsprøvd ordning for personar som av ulike årsakar har problem med å etablere seg på bustadmarknaden. Både unge i etableringsfasen, einslege forsørgjarar, funksjonshemma og flyktningar er eksempel på grupper som kan søke om Startlån
Forvaltninga av Startlån i Gol kommune er sett bort til Sparebank 1 Hallingbanken
Potensielle lånesøkjarar kan vende seg til Gol kommune, Sekretariatet v/ spesialkonsulent Øystein Kjerulf Brenno for å få nærare informasjon om låneordninga og korleis ein skal gå fram.
Rådmannen har fullmakt til å tildele startlån under kr. 200.000. Blir det søkt om lån ut over kr. 200.000 skal formannskapet handsame saka.
Det er eit krav i retningslinene at bustaden skal vere eigna for husstanden, og rimeleg og nøktern i forhold til prisnivået i kommunen.
Det er ein føresetnad at søkjaren skal greie å handtere buutgiftene over tid, og framleis ha att nødvendige midlar til livsopphald.
Startlån, som er behovsprøvd, blir gitt som topplån eller til refinansiering.