Eigedomar i Gol som har hatt eigedomsskatt må bli takserte på nytt fordi førre taksering skjedde i 2002. Når område for eigedomsskatt frå 2011 blir utvida, blir takseringsarbeidet gjort samtidig med taksering av nye skattepliktige eigedomar.
Skattetakst blir fastsett av Sakkunnig takstnemnd. Takst vil byggje på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar. Faktaopplysningar er kva som ligg inne i offentlege register der ”Matrikkelen” er hovudkjelde, med opplysningar om eigars adresse, areal på bygningar og tomt, når det er oppført bygningar, gitt bruksløyve og liknande. Er ikkje desse opplysningane i Matrikkelen frå før så må nødvendig informasjon bli lagt inn i Matrikkelen nå.
Bustadeigedomar
Hus og hytter er kategori bustad, og har ofte iallfall garasje eller uthus i tillegg. Bustad på gardsbruk blir også taksert, men ikkje landbrukseigedomen elles – som i eigedomsskattelova er unnateke skatteplikt for eigedomsskatt.
Arbeid med taksering av dei kategoriar eigedomar er planlagt å starte opp i midten av august. Nærare kunngjering om dette vil kome og eigarane blir tilskrivne om synfaring og registrering.
Næringseigedomar
er lokale til kontor, verkstad, butikk, verksemder for servering og overnatting. Arbeidet med taksering vil starte tidlegast i september.
Anlegg og bygningar som er knytt til produksjon av varer er også næringseigedomar, men blir behandla spesielt m.a. fordi desse eigedomane er det som i lova blir kalla ”verk og bruk”. Eigarane av slike anlegg og bygningar vil også bli kontakta serskilt, og også her startar arbeidet med taksering tidlegast i september.
Matrikkelen
Dette er det offentlege registeret som er grunnlaget for faktainformasjonen ved utrekningar av eigedomsskattetaksta.
Skjønnsmessige vurderingar
Skjønnsmessige vurderingar tek opp både generelle tilhøve om eigedomsverdiar og spesielle tilhøve som påverkar verdien. Synfaringar av eigedomane er meint å fange opp dei spesielle tilhøva ved eigedomen og er avgrensa til ytre synfaring, så langt at dei som takserer går rundt bygningane og tek bilder av bygningane. Eigar har sjølvsagt rett til innsikt i bilder og data som blir registrert viss bygningane ikkje er oppmålt og registrert tidlegare.
Klagerett
Etter nærare reglar blir skattelistene i 2011 lagt ut til offentleg ettersyn, eigarane blir undervegs gjort kjent med forslag til takst. Det er klagerett på takst.
Før skattelistene blir lagt ut skal eigarane ha fått seg framlagt kva som er registrert og korleis skattetaksten er utrekna og skatten utrekna.
Meir detaljert informasjon vil kome etter kvart, dels offentleg kunngjort, dels direkte til eigar.
Spørsmål kan den enkelte rette til Lars Riise, på tlf 32 02 90 00 eller direkte 32 02 90 62 mellom kl 09 og 15 eller på e-post Lars.Riise@gol.kommune.no