Tilskot til bedriftsetablering
Ved bedriftsetablering kan ein søkje om økonomisk stønad frå:·
Dei kommunale fondsmidlane skal Gol kommune nytte til tiltak som kan fremje næringslivet i kommunen og til kommunale fellestiltak.
Kommunen skal prioritere tiltak som betrar moglegheitene for sysselsetjing av kvinner og ungdom.
Fondsmidlar kan ikkje bli brukt til å sanere gjeld eller i løpande drift til private verksemder eller i kommunen. Som kommunal løpande drift er ikkje avdrag på lån og avlønning av tiltakskonsulent/næringssjef.
Verksemder som mottek betydelige overføringar over statsbudsjettet skal prioriterast lågt ved tildeling av midlar. Fondsmidlar kan berre bli brukt til investeringar i varige driftsmidlar
Næringsavdelinga i kommunen handsamar søknader om stønad frå det kommunale næringsfondet, medan Hallingdal Etablerarsenter/Næringsavdelinga gjev uttale på søknader om stønad frå Innovasjon Norge.