Tilskot til avløysing

Avløysarordninga er heimla i Forskrift om tilskott til avløysing

Tilskot kan gjevast til avløysing i føretak som har rett til produksjonstilskot. Føretak med pelsdyr- eller bihald kan også få avløysartilskot dersom føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar, er registrert i Einingsregisteret og er registrert som meirverdiavgiftspliktig eller har ein samla omsetning dei siste 12 månader på minimum kr. 20.000. Føretak med bihald får likevel berre tilskot til avløysing ved sjukdom.

Ferie og fritid
Sjukdom mm
Søknad / søknadsskjema
Søknadsfrist
Meir informasjon

Ferie og fritid

Ordninga med tilskot til avløysing ved ferie og fritid skal vere med på å fremme avløysing i jordbruket.

Grunnlaget for fastsetjing av maksimalt tilskot er dyretalet på driftseininga pr. 1. januar i avløysaråret. Kva husdyrslag og vekstgrupper som tel med, maksimalt tilskot pr. føretak, samt nedre grense for krav til tilskot og tilskotssatsar vert fastsett i jordbruksoppgjeret.

Enkeltpersonføretak må dokumentere utgifter, medan andre føretak får avløysartilskotet som eit direkte tilskot.

Sjukdom mm

Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere leige av avløysarar i jordbruket i føretak med husdyrproduksjon, eller heilårs veksthusproduksjon når ein som har næringsinntekt frå føretaket som følgje av sjukdom mm. ikkje kan delta i arbeidet i føretaket.

I onnetida skal ordninga også bidra til å finansiere avløysing i føretak med planteproduksjon eller honningproduksjon når ein som har næringsinntekt frå føretaket som følgje av sjukdom mm. ikkje kan delta i arbeidet i føretaket.

Ein som har næringsinntekt frå føretaket kan få tilskot til avløysing ved sjukdom, svangerskap/fødsel, sjuke barn og dødsfall.

Søknad / søknadsskjema

Søknaden må være sendt inn til kommunen seinast 3 månader etter siste dag i søknadsperioden som gir rett til tilskot.

Søknadsskjema finn du på nettsida til Statens landbruksforvaltning eller du får det ved å vende deg til Servicetorget.

Som vedlegg til søknaden må det leggjast ved dokumentasjon av utgiftene, sjukemelding ved sjukdom eller tilsvarande dokumentasjon i andre tilfelle, samt bekrefta likning for siste to år.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 20. januar året etter avløysaråret, og tilskotet vert utbetalt i juni. Det er same søknadsskjema som søknad om produksjonstilskot. Det kan også søkjast elektronisk, sjå om dette under produksjonstilskot.

Meir informasjon

Reglane om kor mykje tilskot kvar enkelt søkjar har rett på går fram av jordbruksavtala, og står også i rettleiingsheftet som vert gjeve ut i samband med den enkelte søknadsomgang (same hefte som produksjonstilskot).

Heile jordbruksavtala finst på Landbruks- og matdepartementet sine nettsider om jordbruksoppgjeret.

Det finst også mykje informasjon på Statens landbruksforvaltning sine nettsider.

Ønskjer du meir opplysningar, så ta kontakt med Næringsavdelinga eller Landbrukstenester Folgefonna.

Publisert
27.11.2007
Sist endret
27.01.2011
Publisert av
ws

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Næringsavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol

Tlf. 32 02 90 00
Fax 32 02 90 00

Her kan du sende e-post til kommunen