SMIL - Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket

Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og å redusere ureininga frå jordbruket utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.

Pengane blir forvalta ut frå ein felles tiltaksstrategi for jordbruket i Hallingdal 2008-2011 og felles retningsliner for tildeling av SMIL. Tildelinga blir gjort kommunevis.

Aktuelle tiltak
Målgruppe
Søknadsskjema
Søknadsfrist
Saksgang
Lover/vedtekter
Informasjon

Aktuelle tiltak 

  • planleggings- og tilretteleggingsprosjekt
  • informasjonstiltak
  • ulike forureiningstiltak
  • kulturlandskap
  • biologisk mangfald
  • gamal kulturmark
  • tilgjenge og opplevingskvalitet
  • kulturminne og kulturmiljø
  • freda og verneverdige bygningar 

Målgruppe

Det kan gjevast tilskot til føretak eller eigar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom, eller til ein som er registrert i Einheitsregisteret og som har fått løyve av den som eig landbrukseigedomen til å gjennomføre eit prosjekt eller tiltak. (som nemnt i § 4 og § 5.)

Søknadsskjema

Søknad vert å sende på  eige skjema til Gol kommune. Skjema får du på Servicetorget eller på nettsida til Statens landbrukforvaltning.
 
Vedlegg

  • detaljert kart (økonomisk karverk) som syner areal, viktige element i landskapet og plassering av tiltaktet det blir søkt om tilskot til
  • Fotodokumentasjon
  • Miljøplan trinn to (for søkjarar som mottek produksjonstilskot

For tiltak som vedkjem bygningar trengst i tillegg:

  • spesifisert konstnadsoverslag sett opp av bygningskyndig
  • planar for tiltaket inkludert framdriftsplan, arbeidsskildringar, noverande og framtidig bruk m.m.

Søknadsfrist

Frist for å søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket er sett til 1. april og 1. oktober kvart år.

Saksgang

I Gol blir tildelinga gjort av ei nemnd sett i hop av ein representant frå Gol Bonde- og Småbrukarlag, ein representant frå Gol Bondelag, ein politikar og to frå administrasjonen.

Lover/vedtekter

Ordninga er heimla i Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Informasjon

For meir info eller spørsmål ta kontakt med Næringsavdelinga 

 

 

Publisert
27.11.2007
Sist endret
27.01.2011
Publisert av
aen

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Næringsavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol

Tlf. 32 02 90 00
Fax 32 02 90 00

Her kan du sende e-post til kommunen