Legat
Gol kommune administrerer tre private legat.
Felles for dei tre er at rentemidlane skal gå til innbyggjarar i Gol kommune, dvs du må vera folkeregisterført i Gol.
Ole Nilsen Skaga og Anne Nilsen Skaga sitt legat:
Siste års renter blir delt ut etter søknad til ungdom frå Gol som vil søkje skular av alle slag etter endt grunnskule og blir berre gitt til studentar eller elevar på studiestader og skular utanfor Hallingdal. Blir delt ut ein gong for året.
Kari og Per O. Kinneberg sitt legat:
Rentene av legatet skal delast ut til fordel for kvinner og menn mellom 60 år og trygdealderen som har vanskeleg for å forsørge seg, samt til ungdom som vil gå ein kristeleg ungdomskule, eller som vil utdanne seg til prest i Den Norske Kyrkje, eller til yrke med spesiell kristen utdanning på evangelisk – luthersk grunn.
Guri og Ola Narum sitt legat:
Rentene av legatet blir delt ut ein gong for året til vanføre, blinde, døve og tuberkuløse, samt til hjelp for gamle utslitte menneske som vil bu heime, og andre eldre som har det vanskeleg økonomisk sett mellom 55 år og trygdealderen.
Søknadsfrist:
Det er ikkje utarbeidd noko søknadsskjema. Når du søkjer så må du opplyse om namn, alder, studiestad/skule og adressa di på dette tidspunktet, eller andre opplysningar som du ser blir kravd i omtala av kvart av fonda, og bankkontonummer