Skolen skal leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre medansvar i skolen for foreldre/føresette. Foreldre/føresette har hovudansvaret for eigne barn, og har dermed stor innverknad på motivasjonen og læringsutbyttet til barna. Foreldre/føresette skal ha eit reelt høve til å kunne påverke læringsarbeidet til eigne barn, fagleg og sosialt. Samarbeidet mellom skolen og heimen er eit gjensidig ansvar, men skolen skal ta initiativ og leggje til rette for samarbeidet.
- Heimen skal få informasjon om måla for opplæringa i faga, den faglege utviklinga til elevane i forhold til måla, og korleis heimen kan vere med og fremje måloppnåinga til elevane.
- Heimen skal også ha informasjon om korleis opplæringa er lagt opp, og kva for arbeidsmåtar og vurderingar som blir brukte.
- Det må også leggjast til rette for at foreldre/føresette får dei opplysningane som er nødvendige for å kunne ta del i reelle drøftingar om utviklinga av skolen.