Skulen vil vurdere grunngjevingane for permisjonssøknaden og om permisjonen er forsvarleg. Det er eit krav at foreldra sørgjer for opplæring i permisjonstida.
Lova tillet ikkje at det blir gitt permisjon for meir enn to veker om gongen. I dei tilfelle dette er nødvendig, vil elevane formelt tape tilsvarande av sin rett til skulegang, og det bør inngåast avtale mellom foreldre og skule om at foreldra tek på seg opplæringsansvaret.
Foreldre til elevar som har rett til permisjon fordi trussamfunnet dei tilhøyrer har høgtidsdagar, må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.