Driveplikt
Endret dato :
16.12.2010 09:17:10
Beskrivelse
Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
Den globale utfordringa knytt opp mot matsikkerheit, klima og befolkningsauke gjer det stadig viktigare å styrke virkemidlar som kan bidra til matproduksjon. Dyrka og dyrkbar jord er ein begrensa ressurs, og også ein viktig del av kulturlandskapet. Eigaren av jordbruksareal har eit viktig forvaltaransvar i denne samanhengen. Driveplikta skal sikre matproduserande areal på ein slik måte at dyrka / overflatedyrka mark og innmarksbeite vert halde i god stand samstundes som ein tek vare på kulturlandskapet.
Det er ikkje krav om lønsam drift, eller at drifta skal vera optimal. Den aktuelle drifta kan imidlertid ikkje vera slik at produksjonseigenskapane vert forringa over tid. Produksjon av blomar eller hestehald vert ansett som tilstrekkeleg for at driveplikta er oppfylt.
Målgruppe
Eigarar av jordbrukseigedomar. Plikta gjeld frå overtaking av jordbrukseigedom til avhending til ny eigar.
Vilkår
Driveplikta er ei personleg plikt. Eigaren kan imidlertid velja om han sjølv vil drive eigedomen eller leige bort jordbruksareala. Fristen for å avgjera om ein vil drive eigedomen sjølv, eller ved bortleige er eit år frå overtaking av eigedomen. I denne tid har eigar plikt til å sørgje for drift av areala.
Ved bortleige må det inngås ei avtale som:
- er skriftleg
- gjeld for minst 10 år
- må føre til driftsmessige gode løysingar
Inngåtte leigeavtaler skal sendast kommunen som slik har moglegheit til å kontrollere om vilkåra for bortleige etter jordloven er oppfylt.
Veiledning
Dersom eigaren ikkje ønskjer eller er i stand til å drive jordbruksarealet sjølv eller leige det bort, kan det søkjast om fritak frå driveplikta for ei viss tid. Kommunen vil gjera ei konkret vurdering i alle saker.
Søknadsfrist
Søknadene blir behandla etter kvart etter forvaltingslova § 11a.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
jordbruk, drifting, dyrking, beite, utmark, innmark, landbruk, odel, konsesjon