Vil du vera støttekontakt?

Kva er ein støttekontakt ?

Ein støttekontakt hjelper eit anna menneske til å kunne utfalde seg betre, meistre ulike livssituasjonar, og få meir tru på seg sjølv gjennom samvær og aktivitetar over tid.

Ein støttekontakt må

* vera over 18 år 
* vera interessert i å arbeide med menneske
* vera stabil og påliteleg
* ha evne til samarbeid
* kunne sette grenser

Det er ikkje eit vilkår, men det kan vera ein fordel å disponere bil.

Menneske som har behov for støttekontakt er ulike og har ulike behov, difor må også støttekontaktane vera ulike. Alder, kjønn, personlegdom og interesser er avgjerande når vi skal kople rett støttekontakt og brukar.

Kven har behov for støttekontakt?

  • Barn, ungdom og vaksne med sosiale, og/eller psykiske problem
  • Menneske med rusproblem
  • Fysisk funksjonshemma
  • Innvandrarar
  • Psykisk utviklingshemma
  • Barn i forebyggjande barnevern

 Hovudmålet med støttekontakt er å gi den enkelte brukar hjelp til å utnytte fritida på ein positiv og meiningsfull måte. Avhengig av brukarens behov, ønsker og interesser kan støttekontakten nyttast til individuelt samvær eller som ein brubyggar til fritidsaktivitetar eller andre menneske. Å vera støttekontakt inneber å vera medmenneske, vera positiv, aktiv, kreativ og kanskje litt idealistisk. Støttekontakt skal ikkje vera behandler/terapeut eller "bestevenn".

Oppdrag som støttekontakt er lønna frå kr. 105,89 pr. time til kr. 130,41 pr. time avhengig av ansienniteten til vedkommande. Støttekontaktene får i tillegg dekka utgiftene sine med inntil kr. 250,- pr. månad mot dokumentasjon, og kilometergodtgjersle med inntil 300 km pr.månad. Støttekontakt får tilbod om rettleiing og oppfølging.
Støttekontakt har teieplikt, og må skrive under på teieplikt.
Støttekontakter som skal jobbe med barn/ungdommar må ha politiattest.

 


Kven treng vi?

> Vi treng vanlege folk
> Menn og kvinner
> Eldre
> Yngre
> Vi treng deg som er sporty
> Vi treng deg som ikkje er sporty
> Likar kino, musikk, kunst og handarbeid
> Likar fotball og svømming
> Likar shopping og kafebesøk
> Vi treng deg som er flink til å lytte
> Har forståing for andres ulike behov og reaksjonar
> Kan sjå menneske som dei er bak fasadane
> Har eit opent hjarte
> Har respekt for eigne og andres meininger

 

Kva er oppgåvene til støttekontakt?

Praktiske opplysningar

Publisert
28.11.2007
Sist endret
04.12.2010
Publisert av
vl/lr

Kontaktinformasjon

Konsulent for funksjonshemma,
Vlasta Sundmoen
Helsetunvegen 1
Tlf. 32 02 92 12

E-post

Psykisk helsevern
Valdresvegen
Tlf. 32 07 86 50