Før du søkjer om sosialhjelp må du først prøve alle andre moglegheiter til å sørge for eige livsopphald.
Dette kan til dømes vera løna arbeid, studielån, sysselsetjings- eller opplæringstiltak, trygdeytelsar, formue, sal av gjenstandar, eller ved reduksjon av utgifter.
KORLEIS SØKJER DU SOSIALHJELP?
Dersom du treng økonomisk hjelp, kan du ringe eller vende deg til NAV Gol i kommunehuset. Søknaden skal fyllast ut fullstendig. Ved manglande utfylling blir den sendt i retur. Alle inntekter, utgifter, gjeld og formue må dokumenterast.
INNTEKTSENDRINGAR
Øknomisk sosialhjelp er behovsprøvd, og du må straks melde frå om alle inntektsendringar. Det medfører straffeansvar å ikkje gje fullstendige opplysningar eller ikkje å gje beskjed om endra inntekter, gjelds- eller formuesforhold.
VILKÅR
Ved tilsagn om sosialhjelp kan det vera vilkår som tek sikte på å gjera mottakaren meir sjølvhjelpen. Til dømes:
- Du må vera registrert som arbeidssøkjar. NAV Gol kan gje rettleiing om dette.
- Du må ha sjekka eventuell rett til bustønad frå Husbanken. Informasjon om dette får du ved servicetorget i kommunen.
- Stadfesting frå Likningskontoret:
Har du pengar i banken, aksjar, leigeinntekter, kapitalvarer eller annan formue, kan NAV Gol kreve at desse verdiane vert brukt eller selde før det kan ytast sosialhjelp.
TEIEPLIKT
Alle tilsette ved NAV Gol har teieplikt.
INNSYNSRETT
Du har rett til, med nokon unntak, å sjå dokumenta i di eiga sak.
Dette vil du kunne få opplysning om ved å venda deg til NAV Gol.
Du har vidare krav på å bli orientert om gjeldande saksbehandlingsreglar.
KLAGE PÅ VEDTAK
Du har rett til å klage på vedtaka som NAV Gol gjer. NAV Gol kan hjelpa deg med å setja opp klagen. Dersom vedtaket om avsalg blir ståande, blir saka automatisk oversend til Fylkesmannen. Fylkesmannen har det siste og avgjerande ordet i saka. Alle vedtak er skriftlege og med grunngjeving. Klagefristen er normalt 3 veker frå du har motteke vedtaket.
KLAGE PÅ SAKSBEHANDLINGA
Du har rett til å klage om du meinar du får dårleg behandling på NAv Gol.
Klagen sender du til NAV Gol.