Gjeldsrådgjeving - NAV Gol
Målgruppe:
Personar med store gjeldsbyrder i høve til betalingsevna.
Formålet er å kunne hjelpe personar som har varige gjeldsproblem med råd, rettleiing og konkrete tiltak som kan betre den totale økonomiske situasjonen deira,
t. d. hjelp til å kontakte kreditorar og søke om nedbetalingsordning
Lovverket er heimla i Lov om sosiale tjenester § 4-1.
Personar som vender seg til NAV Gol for å få hjelp med problema sine i høve til gjeld eller generelle økonomiske vanskar, får sosialhjelp dersom problemet kan løysast innanfor rammene av sosialtenestelova. Men sosialtenesta har som hovudregel ikkje plikt til å dekke gjeld som ikkje er godkjend på førehand (det vil i praksis si ordinær bustadgjeld), eller gi garanti for refinansiering av lån eller annan type gjeld.
I slike tilfelle gir NAV Gol opplysningar og rettleiing om aktuelle lover og hjelpeordningar. I enkelte saker kan óg sosialtenesta vera til hjelp med å formulere brev til den/dei instansar som er aktuelle.
Dersom det er ønske om hjelp/rådgjeving er det ein stor fordel at brukaren systematiserer dokumentasjonen så godt som mogeleg før han tek kontakt med sosialkontoret.
Kor lang tid den einskilde sak vil ta kjem an på om skyldnaren er villig til å samarbeide, kor kompleks saka er, og kor høgt kreditoren prioriterer saka.