Læreplan norskopplæring
Alle kursa i norsk følgjer ny læreplan i norsk og samfunnskunnskap. Det er eigne læreplanar for grunnskuleopplæring for vaksne. Kursa i norsk er delt inn etter deltakarane sin skulebakgrunn (spor) og etter nivå i norsk. Nokon norskkurs er for personar med mykje skulegang frå heimlandet. Andre norskkurs er for personar med liten eller ingen skulebakgrunn. Det finst eigne grupper for dei som ikkje kan lese og skrive på det latinske alfabetet.
Alle som skal begynne på norskkurs må få ei inntaksvurdering først. Den kan bestå av ein samtale, eventuelt med tolk eller med hjelp av ein person du har med deg. I inntakssamtalen gir du opplysingar for å finne kva spor og nivå som passar best til ditt behov. Du må og kanskje gjera nokre oppgåver.
Ordinære kurs startar opp i august. Deltakarar med grunnleggjande norskkunnskapar kan starte i løpet av skuleåret. Deltakarar blir tekne inn etter søknad. Alle deltakarar må dokumentere opphaldsgrunnlaget sitt ved å leggje fram opphaldsløyve som er limt inn i passet.
Din skulegang og framtidige ønske for jobb og utdanning i Noreg, i samanhang med status for ditt opphaldsløyve, avgjer kva tilbod du kan få:
• Norskkurs (gratis )
• Norskkurs (Betalingselevar)
• Norskkurs kveldsundervisning. Betalingskurs
• Grunnskuleopplæring
Læreplanen
Læreplanen opererer med tre spor eller progresjonar tilrettelagt for deltakarane med ulike føresetnader. Spor 1 er tilrettelagt for dei med liten eller ingen skulebakgrunn. Kursa på spor 1 har svært langsam progresjon. Spor 2 er tilrettelagt for deltakarar med ein del skulegang, og som i mange tilfelle har ein viss kompetanse i framandspråk. Variasjonane i bakgrunn og læringsevne er svært stor innanfor denne gruppa. Spor 3 er tilrettelagt for deltakarar med god allmennutdanning.
Gol vaksenopplæring vil, avhengig av deltakartal, kunne gi opplæring i eigne grupper tilpassa spor og nivå.