Juridisk rådgiving - førstelinerettshjelp - gir juridisk rettleiing og råd til privatpersonar. Ordninga er eit prøveprosjekt i regi av Justisdepartementet. Departementet brukar prosjektet for å vurdere om og korleis denne tenesta kan tilbys over heile landet
Kven kan få tenesta?
Tenesta sitt innhald
Tips før du kjem til timen
Tilgjenge
Prøveordning
Kvalitet
Teieplikt og personvern
Ansvar, klage og tilsyn
Kven kan få tenesta?
Alle som bur i Gol kommune kan bruke førstelinerettshjelpa.
Du kan kome til førstelinerettshjelpa med alle slag juridiske spørsmål, bortsett frå spørsmål om straff og spørsmål frå sjølvstendig næringsdrivande om eiga næringsverksemd.
Den offentlege forvaltninga har plikt til å gi rettleiing innanfor sine saksområde. Viss problemet ditt kan løysast ved å få slik rettleiing, kan du ikkje nytte førstelinerettshjelpa.
Tenesta er gratis
Tenesta sitt innhald
Førstelinetrettshjelpa gir deg ein samtale med ein advokat i inntil 60 min., og blir gitt éin gong per person per år. Du kan få hjelp til:
- å finne ut om spørsmålet eller problemet er juridisk, og om det er noko å gå vidare med
- å finne fram til informasjon om lovar og reglar
- å løyse problemet eller spørsmålet viss advokaten meiner at det kan gjerast på forsvarleg vis innanfor den tida som er til disposisjon
- å finne ut kor du kan vende deg for å få hjelp viss problemet eller spørsmålet ditt ikkje kan løysast på staden, og kva det i tilfelle kan koma til å kosta
Viss du ønskjer å gå vidare med saka etter å ha snakka med advokaten, står du fritt til å velje den advokaten du måtte ønskje. Dette vil ikkje vere omfatta av ordninga.
Tips før du kjem til timen
For at du skal få brukt tida med advokaten på ein god måte, er det lurt å vere førebudd. Du kan til dømes tenkje igjennom kva for informasjon du trur det kan vera bruk for. Du kan òg setje opp ei liste over kva som har skjedd, gjerne med datoar. Det vil gjera det lettare for deg å presentera spørsmålet ditt.
Ta med deg alle dokument du meiner har innverknad, som til dømes avtalar, skjema eller brev – desse vil du få attende etter samtala.
Tilgjenge
Førstelinerettshjelpa har fast kontordag i servicetorget i Gol kommunehus fyrste måndag i kvar månad frå kl. 09.00-16.00. I vårhalvåret vil advokatane vera til stades i servicetorget 30. januar, 27. februar, 26. mars, 23. april, 14. mai og 18. juni.
For å få time hjå advokat, kontakt servicetorget på telefon 32 02 90 00 eller på e-post: servicetorget@gol.kommune.no
Prøveordning
Førstelinerettshjelpa er ei prøveordning som skal gi Justisdepartementet grunnlag for å vurdere om og korleis tenesta bør bli etablert som ei permanent ordning. Til dette trengst statistikk. Advokaten vil derfor fylle ut eit skjema i samband med samtala. Skjemaet vil innehalda opplysningar om kva saka gjaldt, og visse anonyme opplysningar om deg. Skjemaet vil berre bli brukt til statistiske føremål og inneheld ikkje namnet ditt. Du vil òg bli beden om å fylla ut eit anonymt skjema etter samtala. I tillegg kan du bli kontakta på eit seinare tidspunkt med spørsmål om å ta del i ei spørjeundersøking om tenesta. Det er frivillig å delta i undersøkinga.
Kvalitet
Advokatane i Førstelinerettshjelpa er ikkje tilsette av kommunen, og kommunen har ingen påverknad på dei råda som blir gitt.
Teieplikt og personvern
Advokatane i Førstelinerettshjelpa har teieplikt. Dette gjeld òg overfor kommunen.
Også kommunen sine tilsette har teieplikt om det dei måtte få kjennskap til om dei personane som gjer bruk av Førstelinerettshjelpa.
Ved å vende deg til Førstelinerettshjelpa samtykkjer du til at advokaten behandlar frivillig gitte personopplysingar. Advokaten er behandlingsansvarleg for personopplysingane, og behandlinga vil skje i samsvar med personopplysingslova.
Ansvar, klage og tilsyn
Advokatane i Førstelinerettshjelpa er ansvarlege som ved ordinære advokatoppdrag for dei råda som blir gitt.
Advokatar er bundne av Reglar for god advokatskikk. Brot på desse kan påklagast til Advokatforeininga si disiplinærordning. Klagen bli framsett seinast seks månader etter at klagaren blei kjend med eller burde ha blitt kjend med det tilhøvet klagen byggjer på. Du kan få meir informasjon om klageordninga ved å vende deg til Advokatforeininga. Rettshjelparar er ikkje omfatta av denne klageordninga.