Støttekontakt

Bilete av en person som holder rundt en annenStøttekontaktordninga er ei teneste som skal hjelpa den einskilde til ei meiningsfull fritid eller kan gje råd om gjeremåla i dagleglivet.

Tyngdepunktet i oppgåvene til støttekontakten ligg i kontakt og støtte etter brukaren sine ønske.

Støttekontaktverksemda vert utøvd av privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn.

Støttekontakt er gratis

Kriterium for tildeling av støttekontakt

behovet blir vurdert etter sosialtjenesteloven §4-3 og §4-2 bokstav c)støttekontakt

  • brukaren må forplikte seg til å halde avtalar og følgje plan for oppdraget
  • timane skal brukast til deltaking på kultur og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar og eigenaktivitet
  • støttekontakt blir som hovudregel ikkje innvilga til personar under 8 år, da denne gruppa sjelden har eit sjølvstendig kultur og fritidsliv, uavhengig av føresette
  • personar med forsørgjaransvar, ektefelle eller sambuar, søsken eller andre nære pårørande skal ikkje vere støttekontakt for brukaren
  • personar med 1:1 bemanning, får som hovudregel ikkje innvilga støttekontakt
Publisert
17.11.2007
Sist endret
23.01.2012
Publisert av
Ann Elisabeth Nes

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Omsorgsavdelinga
Helsetunvegen 1
3550 Gol

Tlf. 32 02 91 50
Fax 32 02 91 51

E-post

Fagkonsulent for funksjonshemma
Emelie Anttonen Bøe
Tlf. 32 02 91 65 eller 916 73994

Psykisk helsevern
Valdresvegen 26
3550 Gol

Tlf. 32 02 86 50