Brukarstyrt personleg assistent (BPA)
BPA er alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til funksjonshemma der personen sjølv er arbeidsleiar for sine personlege assistentar.
Den funksjonshemma kan i prinsippet styre kven han/ho vil ha som assistent, kva assistenten skal gjere, kvar og til kva tider assistansen skal bli gitt.
Målet med brukarstyrt personleg assistanse er å bidra til at funksjonshemma får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv.
Kommunen pliktar å gje opplæring i rolla som arbeidsleiar. Assistenten kan vere tilsett i kommunen i eit andelslag eller av brukaren sjølv. Det er kommunen som bestemmer kor assistenten skal vere tilsett.
Ein betalar ikkje eigedel for denne tenesten. Dersom assistenten også utfører praktisk bistand (reingjering og liknande) eller andre tenester som det vanligvis betalast for, kan ein kreve eigenandel for desse tenestene.
Praktiske opplysningar
Det må søkjast om tenesten. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling BPA.