Omsorgsbustader
Ein omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad som skal bidra til at bebuaren skal kunne bu i eigen heim så lenge det er mogleg – gjerne livet ut.
Tilbodet om omsorgsbustad er ikkje lovpålagt dvs. at ein har noko rettskrav på å få tildelt omsorgsbustad.
Ein omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim og det følgjer ikkje heimetenester med bustaden. Det medføre at alle bebuarane i omsorgsbustad må søkje om ordinære heimetenester (heimehjelp, heimesjukepleie og matombringing) etter behov.
Ved prioritering av kven som skal få tilbod om omsorgsbustad blir det foreteke ein heilheitsvurdering av søkjarens busituasjon og behov for bistand.
For å sikre at vi tildeler omsorgsbustad til dei som treng det, vurderar vi nøye om søkjar er i stand til å skaffe seg bustad sjølv. Det skal vere vurdert andre bustadsløysingar, slik som utbetring av eksisterande bustad eller kjøp/leige av bustad på det åpne marked.
Det er mogleg å søkje grunnlån (utbedringstilskot/-lån) i Husbanken. Dette er behovsprøvd.
Omsorgsbustadane i Gol kommune er utleigebustader. Utleigar er Gol byggdrift kommunalt foretak.
Tenestemottakarar som får tilbod om omsorgsbustad inngår derfor eit leigeforhold med Gol kommunale foretak.
Kriteriar for tildeling