Elgbeitetaksering

Beiteskader. Foto: Skog og landskapI Gol vart det starta med beitetaksering i 2005. Bakgrunnen for dette var at den kraftige veksten  i elgstammen i Hallingdal på 1990-talet. Store skogskader og auke i elgpåkjørsler tyda på at elgstammen var for stor i forhold til beitegrunnlaget.

Takseringa konkluderte da også med at ROS-artane var klart overbeita på alle bestand. Furu vart også overbeita i 60 % av bestanda. 

Det vart også taksert elgbeiter i 2006 og 2007, medan det i 2008 ikkje vart taksert. I 2009 vart det gjort ny taksering som konkluderer med at rekrutteringa av beiteplanter i gruppa ROS til forproduksjon er nærmast fråværande, då desse plantane vert beita so hardt at dei unntaksvis når høyder over 1 m.

I 2011 er dei fleste av prøveflatene taksert på nytt, og dessverre har ikkje situasjonen vorte betre. Framleis er beitegraden på ROS-artane nesten 100 %.

For furu og bjørk er situasjonen betre. Desse er imidlertid også så hardt beskatta at dei over tid vil minske i tilgjengeleg forproduksjon. Ein reduksjon i beitebelastningen, med færre dyr, må derfor til. Det vert anbefalt ny taksering om to år for oppfølging.

Les rapport frå 2011

Les rapport frå 2009

Elgbeitetaksering 2007

Elgbeitetaksering 2006

Publisert
04.09.2009
Sist endret
19.09.2011
Publisert av
Jørn Magne Forland

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Næringsavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol

Tlf. 32 02 90 00
Fax 32 02 90 00

Her kan du sende e-post til kommunen 

Avdelingsleiar
Petter Owesen
Tlf. 32 02 90 00

Miljøvernrådgjevar
Jørn Magne Forland
Tlf. 32 02 90 76