Bandtvang / hundehald

Bilde av hundar. Foto: ukjent fotograf

Ordinær bandtvang i Gol kommune er f.o.m 1. april t.o.m 20. august. I tillegg har kommunstyret vedteke utvida bandtvang f.o.m 21. august t.o.m 30. september av omsyn til beitande husdyr.

Av omsyn til menneske er det også vedteke bandtvang i alle tråkkemaskinpreparerte skiløyper i juleferie, vinterferie og påskeferie. Når hund er med skal den ikkje vere til hinder for andre brukarar.

For meir informasjon, sjå boksen til høgre.

Det er høve til å få utskrift av forskrifta ved Servicetorget i Gol kommunehus.

Når det er mykje snø og vanskelege tilhøve for viltet, kan det innførast ekstraordinær bandtvang.

Publisert
19.11.2009
Sist endret
10.03.2011