Næringsutvikling

Etablering

Bedriftsetablering inneber at ein byrjar på noko nytt og ukjent, og ein må ta stilling til nye problemstillingar. Det er mykje ein må skaffe seg oversikt over, slik som fristar, lover og reglar, arbeidsmengde og forventa inntening.

Bilete av logoen til Hallingdal EtablerersenterHallingdal Etablerarsenter

Til hjelp i denne prosessen har alle kommunane i Hallingdal gått saman om å opprette Hallingdal Etablerersenter som har som målsetjing å:

  • gje råd og rettleiing til personar som ynsker å starte eiga verksemd
  • gje informasjon om ulike lovar og reglar knytta til etalbering
  • bidra til auka etableringsverksemd i Hallingdal
  • gje informasjon og opplæring om bedriftsetablering
  • vidareutvikle/yte bistand til eksisterande verksemder
  • gjennomføre etablerarkurs og temakveldar
  • informasjon om tilskotordningar
  • vere døropnar mot finansieringskjelder utanfor vårt distrikt, særleg Innovasjon Norge

Dagleg leiar Trond Ask Henriksen har kontor på Hallingdal Næringshage på Gol, men han møter gjerne etableraren ute på heimstaden.

Næringsavdelinga
I tillegg vil Næringsavdelinga i kommunen kunne vere rådgjevar og samtalepartnar for etablerarar.

Publisert
19.11.2009
Sist endret
07.04.2011
Publisert av
aen