Erstatning etter offentlege pålegg og restriksjonar

I samband med gjennomføring av offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon kan ein søkje om erstatning for økonomiske tap.

Formål
Ulike ordningar
Pålegg
Søknadsskjema
Kvar søknaden skal sendast

Formål

Formålet med ordningane er å medverke til  bekjempelse av planteskadegjerarar og dyresjukdomar, bidra til trygg mat og gi økonomisk erstatning for å redusere belastninga ved ulike bekjempelsestiltak.

Erstatningar etter offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon er fastsett i eigen forskrift frå 2004. 

Ulike ordningar

Det finst følgjande ordningar for å erstatte tap etter offentlege pålegg og restriksjonar i landbruket:

  • Erstatning etter offentlege pålegg om nedslakting av husdyr som følgje av husdyrsjukdom
  • Erstatning for tap i ei pålagt opphaldsperiode.
  • Erstatning for nedfôringskostnader mv. som følgje av radioaktivitet
  • Erstatning etter frivillig nedslakting av sauebesetning pga skrapesjuke eller sjukdommen mædi
  • Erstatning etter offentlege pålegg som følgje av planteskadegjerarar
  • Kompensasjon ved restriksjonar i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt

Pålegg

Søkjarar vert oppmoda om å ta kontakt med Fylkesmannen så raskt som mogleg etter å ha motteke eit pålegg. Utdjuping og forklaring til forskrifta om offentlege pålegg finn ein i rundskriv SLF 39/2010.

Søknadsskjema

Det er eit felles søknadsskjema SLF-278 for alle ordningane, med unntak for radioaktivitet som har eige skjema. Skjema finn du på nettsida til Statens landbruksforvaltning. Du kan også få skjema hjå Næringsavdelinga eller på Servicetorget.

For alle ordningane er det mogleg å sende elektronisk søknad via Altinn.

Kvar søknaden skal sendast

Søknad for alle erstatningsordningane skal sendast til fylkesmannen. Statens landbruksforvaltning er klageinstans og forvaltar regelverket for erstatningsordningane i landbruket.

 

Publisert
12.04.2010
Sist endret
08.02.2011
Publisert av
ws