Bilde av skulekorpset
Bilde av skulekorpset

Skulekorps

Musikk på 4. trinn

Bakgrunn

Kompetansemål i musikk

Musikk på 4. trinn

Frå hausten 2011 vil Gol skule, Herad skule og Gol kulturskule samarbeide om å gje musikkfaget på 4. trinn nytt innhald. Alle elevane vil få opplæring i korpsinstrument, og dei vil få to timar musikk i veka i staden for ein. Opplæringa vil føregå på Gol skule.

Dei fyrste vekene vil elevane få prøve ulike instrument før dei må velje seg eitt. Kvar elev vil få ein time med opplæring på instrumentet sitt i lita gruppe, og ein time med orkester med om lag 25 elevar. Elevane frå Herad skal ha musikk saman med elevane på Gol skule, og det vil vera 3 lærarar frå kulturskulen som underviser i staden for dei vanlege musikklærarane.

Musikkfaget er tildelt om lag ein time pr veke på barnetrinnet. Det at elavane får to timar musikk i 4. gjer at dei får mindre musikk eit anna år, så dette vil ikkje koste skulen noko ekstra. Elevane vil få med seg instrument heim 1-2 gonger i halvåret, elles skal instrumenta ligge på skulen. Ingen får øve heime, men likevel skal alle skal spele i 17. mai-toget 2012.

Barneskulen på Nesbyen har gjort dette med stor suksess i to skuleår og vil halde fram til hausten. To av lærarane derifrå vil undervise på Gol og sikre eit godt utprøvd opplegg. Det blir lagt vekt på langsam progresjon og at absolutt alle skal vera med. Dette er eit opplegg som er i ferd med å spreie om seg rundt i landet (td Asker, Vinje, Tokke og Tinn). Til hausten vil Flå starte opp med korps i skulen, og andre kommuner i Hallingdal har meldt si interesse.

Bakgrunn

Det er om lag 20 år sidan det var korpstilbod for barn og unge i Gol. Gol kommune har bestemt at det skal jobbast med å opprette skulekorps i Gol att, og at dette skal gjerast gjennom kulturskulen for å ha eit stabilt og godt musikkfagleg tilbod. (Kommuneplan 2008 – 2020 og kulturplan 2010 – 2013). Då det er svært få ungar i Gol som har kjennskap til korps, må ein vekkje interesse for aktiviteten før det er noko poeng i å opprette eit korpstilbod på kulturskulen. Kommunestyret vedtok 14.12.2010 at det skal gjennomførast eit rekrutteringsprosjekt i skulen over ei periode på 3 år. Hausten 2012 vil Gol kulturskule opprette eit tilbod ”korps”, og det er grunn til å tru at nokre av dei om lag 50 ungane som har lært å spele på skulen 2011/ 2012 vil melde seg inn der. Av dei 34 ungane som hadde korps i skuletida på Nesbyen skuleåret 2009-2010 var det 20 som meldte seg inn i korpset. Det er stifta ein frivilling organisasjon på Gol som gjer forarbeid for eit framtidig foreldrestyre. Alt skal byggjast opp frå botnen, organiseringa er heilt ny og med unntak av at ein etter kvart vil  låne korpsutstyr, har dette ikkje noko å gjere med det eksisterande vaksenkorpset i Gol.

Kompetansemål i musikk

I LK06 er musikkfaget delt i hovudområda lytte, musisere og komponere. Korpsopplæring vil bidra til å nå mange av kompetansemåla innanfor lytte og musisere, samt legge eit godt musikalsk grunnlag å byggje vidare på i skulen eller på andre arenaer. Skulen ser det som ein stor fordel at undervisninga blir styrka på denne måten, då det generelt er svært utfordrande å drive praktiske musikkaktivitetar i full klasse.

Det vil bli arrangert konsertar for foreldra i samband med juleavslutning og foreldremøte på våren

Godt i gang, flott korpshaust!    

                                          

Det var ein spent elevflokk som møtte til fyrste korpsøving onsdag 24. august 2011. Mange visste ikkje kva dei gjekk til, nokre hadde fått høyre om korps og sett korpsinstrument heime. Dei to fyrste onsdagene fekk dei prøve alle instrumenta og deretter måtte alle lage ei ynskjeliste og prioritere 1,2  eller 3. Lærarane hadde gjort notater då elevane hadde prøverunde som var nyttige då instrumentene skulle fordelast til tredje veke.   

    .

Når intrumenta var fordelt lærte elevane dei to fyrste tonane og den fyrste songen "To og en". Allereie fyrste veka fekk dei som ville prøve seg som solister.

I løpet av hausten har elevane lært 4 toner og 10 songar. I slutten av november fekk elevane lære dei fyrste notene.

Elevar i 4. klasse er litt for små til å spele tuba, difor blir det brukt bassgitarer i staden. Dette biletet er tatt før alt utstyret og kabler var på plass, og då måtte me supplere med kassegitar. Elevane har fått låne med seg instrument ein gong i haust.

 

Fyrste skulekorpskonsert på 20 år

Tysdag 10. januar fekk alle foreldra få sjå og høyre ungane spele konsert i gymsalen på Gol skule. Det er over 20 år sidan det har vore korpskonsert med berre ungar på Gol, så dette var ein gledeleg merkedag. Gymsalen var full av ungar og foreldre frå Gol skule og Herad skule, men det kom også anna besøk. Roger Toppen som er leiar for 17. mai-komiteen 2012 kom for å sjå på det fine korpset som skal ut i gatene til våren. Leiar for kultur- og informasjonsavdelinga, Liv Rosèn var til stades, men det som kanskje var mest gjevt for ungane var at Hallingdølen kom og laga ei flott reportasje som sto på trykk torsdag 12. januar. Journalisten filma då dei spelte, og dei som har nettutgåva av Hallingdølen kan høyre og sjå der. Tore Ness leia programmet og foreldra hadde laga ei fin ramme rundt "Nyttårskonserten". Ungane fekk ei flott totaloppleving med spenning, speling, kaker, og leik.

                        Korps

Vegen vidare

På seinvinteren vil opplæringa ha endå meir fokus på noter, men elevane skal få lære seg ein marsj heilt utan noter til 17. mai . Då skal alle dei 50 elevane ut og marsjere dersom me greier skaffe pengar til fleire instrument innan bestillingsfristen. I dag har me 25 instrument som går på omgang. Organisasjonen "Skulekorps i Gol" jobber med finansiering av instrument.

Dei som vil spele i korps etter dei er ferdige på 4. trinn må melde seg på dette til våren. Det vil bli eit nært samarbeid mellom kulturskulen som har det faglege ansvaret og "Skulekorps i Gol" som skal drivast av foreldre. Nøyaktig informasjon om påmelding og pris vil koma i god tid før fristen.

 

"Skulekorps i Gol" samler inn pengar

Den frivillige organisasjonen med arbeidstittel "Skulekorps i Gol" vart stifta våren 2010 med det som mål å legge grunnlaget for eit foreldrestyre i framtida. Dette er eit interimstyre  som består av: Gunhild Gåsvik (representant for kulturskulen), Gunn Ragnhild Stigen (representant for kulturavdelinga i kommunen), Karianne Østro (ildsjel med lang organisasjonserfaring frå Gol janitsjarkorps), Tina Eidsgård (foreldrerepresentant frå Herad skule) og Trond Johansen (foreldrerepresentant for Gol skule og leiar av Frivilligsentralen).

Organisasjonen skriv søknader om støtte, jobber med å få setje ut sparebøsser i Gol, deler ut kontonummer og organisasjonsnummer slik at folk kan gje direkte bidrag eller pr grasrotandel. Det er mykje som skal gjerast når ein skal byggje ein organisasjon frå botnen. Om du som leser dette vil gje støtte: Kontonummeret 1203.37.52138 Organisasjonsnummer 995 480 093 eller spør der du leverer tipping.

"Skulekorps i Gol" er svært takksame for bidraga som har kome. Det er flott å sjå slikt engasjement og eit system for å takke/synleggjera gjevarane er under planlegging.

 

 

     

 

Publisert
09.06.2011
Sist endret
20.01.2012

Kontaktinformasjon

Kulturkonsulent Gunn Ragnhild Stigen
Gol kommunehus
Gamlevegen 4, 3550 Gol

Tlf. 32 02 90 40

Epost