Ungdommens kulturmønstring (UKM)

IKKJE UKM LOKAL PÅ ÅL KULTURHUS I 2012

På grunn av svært få deltakarar på UKM i 2011, har kommunane Gol, Hemsedal, Ål, og Nes bestemt seg for ikkje arrangera UKM lokalmønstring på Ål kulturhus i 2012.

Flå kommune vil truleg laga sin eigen lokalmønstring lokalt, og i Hol kommune går mønstringa som vanleg i 2012.

I staden vil det blir arrangert ein UKM camp i november 2012. Der blir det tilbod om undervisning i ulike sjangarar: band, film, dans, folkemusikk m.m. Målet er å få fleire UKM deltakarer gjennom UKMcampen slik at det blir ei stor UKM lokal mønstring i Ål kulturhus i januar 2013. Me vonar då at kvalitet og antal deltakarar har auka, og at UKM lokal i 2013 vert det beste UKM på mange år. UKMcampen vil bli arrangert i november 2012 på Gol samfunnshus, og vil foregå frå laurdag til sundag.

Program og meir informasjon vil bli sendt ut til kulturskulane, medialina på Gol vidaregåande, og elles vil med prøva og nå så mange ulike grupper og dekka så mange sjangerar som me kan.

Kjetil Th. Storebråten

UKM kontakt Gol  

Publisert
12.10.2011
Sist endret
12.10.2011