MOT

Dette er MOT

MOT er ein haldningsskapande organisasjon som arbeider for og med ungdom.

MOTs mål er å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø.

MOT har ein heilskapleg modell for korleis lokalsamfunnet kan arbeida saman med ungdom. Heilskapsmodellen består av program i ungdomsskulen, vidaregåande skule og på ungdoms fritidsarena. Gjennom ung til ung-formidling, øvingar, historier, dialog og rollespel blir ungdom bevisstgjort til å ta eigne val, ta vare på kvarandre og visa mot.

MOTs omlag 23 årsverk organiserer 3700 medarbeidarar som drive MOT-arbeidet i lokalsamfunnet.

MOT vart starta av av norske toppidrettsutøvarar i 1997 av Atle Vårvik og Jhann Olav Koss.

Bilde av ungdom

MOT i ungdomsskulen inkludert Ungdom Med MOT

MOT i ungdomsskolen er eit heilskapleg pedagogisk program der elevane møter MOT 15 gonger over 3 år. Gjennom dialog, øvingar, rollespel og ung- til-ung formidling blir ungdombevisstgjort til å ta vare på kvarandre og ta eigne val.

Opplegget består av:

  • To MOT-besøk med foreldre og foreldre/ungdom.
  • Årleg teamsamling med lærarane på klassesteget.
  • Ungdom Med MOT-skolering for elevar på 9.klassesteg, som besøker 7.trinnet tre gonger for blant anna å gjera overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen lettare.

MOT i fritid

MOT i Fritid er eit tiltak for positiv kultur- og verdi bygging på ungdoms fritidsarena. Trenaren/leiaren for laget eller foreininga nyttar MOT til å forsterke sitt haldningsskapande arbeid blant ungdom.

I Hallingdal blir det no arbeidd med å få Hallingdal Fotballklubb med som MOT partnar.

les meir om mot her

 

Publisert
12.10.2011
Sist endret
12.10.2011

Kontaktinformasjon

MOT Koordinator:

Kjetil Th. Storebråten
E-post: kjetil@gol.kommune.no

Tlf. 908 217 45

MOT Informatør

Helen Jensen
E-post: helen.jensen@gol.kommune.no

Tlf. : 454 21 509

MOT Informatør

Gøran Bråthen
E-post: godfotball@gmail.com

Tlf.: 970 60 820