Hjelpemiddel
Kortidsutlån:
Treng du hjelpemiddel i ein kort periode, t.d.etter ein skade eller oprasjon kan du låne hjelpemiddel frå kommunene sitt hjelpemiddel-lager. Vi har ulike hjelpemiddel, som toalettforhøgar, dusjkrakk, rulator,trillebord, rullestol osv.
Tenesta er gratis.
NB!
Krykker blir lånt ut frå legekontoret mot eit depositum.
Varig utlån
Ved varig behov for hjelpemiddel kan du søke om varig utlån av hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral. Vilkåret for slikt lån er at funksjonsvanskane varer i to år eller meir.
Du kan sjølv skrive søknad, men det skal også sendast med ei fagleg vurdering og grunngjeving for hjelpemiddelbehovet. Fysio- og ergoterapeut kan gje deg hjelp til å skrive søknaden og til å kartlegge og begrunne behovet.
Ta kontalt med fysio- og ergoterapitenesta dersom du treng hjelp.
Utlån av hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral er gratis.
Hjelpemiddel blir tildelte etter Folketrygdlova §10.6. ,
Folketrygdlova §10-5 og Folketrygdlova §10-regulerer støtte til tekniske hjelpemiddel og ergonomiske tiltak i arbeid og under attføring.
Informasjon om hjelpemidler
NAV hjelpemiddelsentral Buskerud
NAV hjelpemidler
Hjelpemiddeldatabasen
Korleis søker du