Fysioterapi

Bilete av kropps massering

Dersom du har nedsett fysisk funksjonsevne som følge av sjukdom eller skade, kan einfysioterapeut gje deg hjelp til å betre eller vedlikehalde den fysiske funksjonsevna di. Du kan også få hjelp til å kompensere for varige funksjonsvanskar.


Fysioterapeuten kan:

  • Undersøke og kartlegge tilstanden din.
  • Gje ulike behandlings- og treningsformer.
  • Gje råd og rettleiing om forebyggande og helsefremjande tiltak.
  • Formidle hjelpemiddel.

Fysioterapitenesta i Gol kommune omfattar tiltak for born, vaksne og eldre.

Tenesta kan gjevast på fysikalsk institutt, på institusjon, i barnehage og skule, eller i paientens heim.

Fysioterapeutar deltek i tverrfagleg rehabilitringsarbeid og i utarbeiding av Individuell plan.

Tenesta har to kommunefysioterapeutar og tre privatpraktiserande fysioterapeutar med avtale om kommunalt driftstilskot.

For å få fysioterapi med heil eller delvis refusjon frå NAV må du ha henvisning frå lege. Ein del skader og kroniske sjukdomar gjev rett til full refusjon.

Eigenandel på behandling er fastsett i avtale mellom Norsk Fysioterapiforbund og Staten.

Ta kontakt med fysioterapeut på telefon eller ved personleg frammøte for bestilling av time.

Nyttige linkar:
Norsk terapeutforbund - kva er fysioterapi
Norsk fysioterapeutforbund egenandel

Publisert
16.11.2007
Sist endret
17.01.2012
Publisert av
ABB

Kontaktinformasjon

Gol fysio og ergoterapiteneste
Rundingen 7A

3550 Gol

Kommunefysioterapeuter:
Arnhild Ødegård 32 02 92 24/91673966
e-post


Åse Frøysok 32 02 92 25
e-post


Kommuneergoterapeut:
Åse Ingunn Midtgård 32 02 92 23/91673967
e-post


Privatpraktiserande fysioterapeuter:
Sara Bergande 952 61 883
Jan Kattenberg 909 37 351


Gol fysikalske institutt
Sentrumsvegen 60
Hilde Løkken 918 03 919