Kven som avgjer kva

Det er kommunestyret som fastset skattesats (2-7 promille) eventuelt differensierte satsar, fritak og eventuelt botnfrådrag for bustadeigedomar.

Den konkrete takseringa er det ei eiga sakkunnig takstnemnd (heretter også omtala som takstnemd) vald av kommunestyret som gjer vedtak om.Teikning av hus og mann med forstørringsglas Slik er det også at kommunen v/formannskapet har klagerett på enkeltvedtak i takstnemnda, på line med eigar.

Kommunestyret fastset også vedtekter for eigedomsskatt og skattetakstar, som er køyrereglar for takstnemnda og for eigedomsskatten i kommunen. Desse vedtektene vil bli endra frå og med 2011.

Konkrete og meir detaljderte rammer og regningsliner for takseringa er det derimot den sakkunnige takstnemda som fastsett f.o.m. skatteåret 2011.

Publisert
26.07.2010
Sist endret
04.07.2011