Eigedomsskatt
Gol kommune innførte eigedomsskatt frå 1976.
Eigedomsskatten omfattar eigedomar i regulert område, - i område som heilt eller delvis er utbygde på byvis - og på verk og bruk i heile kommunen.
I tillegg til verk og bruk i Gol er grensene for tettstad-skattlegginga (eigedomsskatten) avgrensa til kommunedelplanen for Gol sentrum.
Eigedomane skal dessutan inngå i reguleringsplanar eller vera forsynt (tilrettelagt for å bli forsynt) via kommunalt ledningsnett med eller kloakkavløp, eller kommunal veg.
- Desse eigedomane er fritekne for eigedomsskatt:
- Eigedom til stifting eller institusjon som har som føremål å gagne ein kommune, eit fylke eller staten og slik utfører verksemd på vegne av det offentlege
- Eigedom som har historisk verdi og som er regulert "bygningar av kulturhistorisk verdi"
- Eigedom som blir driven som gardsbruk eller skogbruk
Obs! Frå og med 2011 har kommunestyret gjordt vedtak om å utvide området for eigedomsskatt til å omfatte heile kommunen, altså ikkje lengre avgrensa geografisk til tettstaden Gol.