Byggesak

Byggesaker i Gol kommune

Travelt med å kome i gang?

Treng du ei næærare innføring i byggereglane?

Byggsøk - informasjon

Aktuelt regelverk

 

Byggesaker i Gol kommune

Byggesak omfattar all sakshandsaming etter plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter. Stortinget vedtok i januar 2003 endringar i plan- og bygningslova. Desse lovendringane ligg óg til grunn for endring i forskriftene. Den 01.07 trådde lov og forskriftsendringar i kraft. Utbyggingsavdelinga handsamar alle saker etter plan- og bygningslova. Avdelinga er også ansvarleg for sakshandsaming av Utsleppsaker etter forureiningslova. Gebyr skal vera innbetalt før saka vert handsama.

Travelt med å kome i gang med bygging?

Her kjem nokre tips for rask og smidig byggesakshandsaming

  1. Send inn komplett og vel dokumentert søknad. Retting av feil og manglar kostar tid og pengar.
  2. Vis respekt for vedtekne reguleringsplanar og overordna kommuneplanar. Ikkje "tøy" dei gitte rammene i reguleringsføresegnane . Dispensasjonssøknader tek lenger tid og er meir kostnadskrevjande.
  3. Snakk med naboen. Nabovarsling skal skje i forkant av innsendt søknad. Det er ein fordel å avklare eventuelle konfliktar med naboar og berørte partar før søknaden vert send til oss.
  4. Servicetorget hjelper deg vidare. Du vender deg til Servicetorget, som kan hjelpe deg med situasjonsplanar, skjema og nabolister. Ved meir innfløkte saker, reguleringsspørsmål osb. står Utbyggingsavdelinga til teneste. Avdelinga er stengt tysdag og onsdag, men har elles vanleg opningstid frå 09.00 - 15.00.

Treng du ei nærare innføring i byggereglane?

For meir informasjon om plan- og bygningslova, rettleiing og skjema/blankettar for utfylling på skjerm sjå Statens bygningstekniske etatBygg

 

Byggsøk – informasjon

ByggSøk-informasjon er nettbasert informasjon og rettleiing frå kommunane om plan- og byggesaker. Sidene vert drifta av Statens bygningstekniske etat, og er eit tilbod som alle kommunar kan nytte seg av til opplysning innan plan- og byggesakshandsaming. Formålet er å samle mest mogleg informasjon på ein stad. Samtidig er det ynskjeleg å få samla regelverket . Målet er óg at sakshandsaminga skal verta meir einsarta for heile landet.
ByggSøk

 

Aktuelt regelverk

Plan- og bygningslova

Forskrift om byggesak (byggesaksforskriften, SAK 10)
Forskrift om teknisk krav til byggverk (byggteknisk forskrift, TEK 10)
Veiledning til Forskrift om byggesak (byggesaksforskriften)
Veiledning til Forskrift om tekniske krav til byggverk (byggteknisk forskrift)
Veileder Grad av utnytting

 

Publisert
16.11.2007
Sist endret
04.07.2011
Publisert av
Sigrid Breivik